Energipolitikk og val av teknologi
Vindkrafta slepp å betale slike systemkostnader, likevel hevdar styresmaktene at vindkraft er billegast, skriv Harald Dagfinn Kjelstad.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Vi må stanse skadeverka på natur, kraftsystem og lokalsamfunn.
Tidleg lærte vi å utnytte vasskrafta, først til kverner og sager, så turbinar til kraftproduksjon. Vi bygde dammar for å ha vassføring året rundt, og vi utvikla industri og arbeidsplassar. Vi skapte velstand og sosial utjamning med velferd for oss alle. I slettelanda bygde dei vindmøller for same føremål, men produksjon av stabil straum var umogeleg, dei måtte ty til fyring med kol, olje og gass.
Spekulantar forstod verdien av norske fossefall. Teknologar i samspel med styresmaktene stoppa dei for vel 100 år sidan. Kraftproduksjonen skulle for all framtid vere vår nasjonale strategiske infrastruktur.
Raserte areal
Med energilova i 1991 kom det første avviket, det neste ved EØS-avtala i 1992. Frå 2012 la regjeringane til rette for slettelanda sin vindteknologi, og det vart gjeve mange konsesjonar. Berekraft i norsk natur var det ingen som spurde om. Under Solberg-regjeringane vart konsesjonane effektuerte, med pantsetting og rasering av store areal. Verka vart selde med superprofitt til internasjonale ansiktslause investeringsselskap. Nye sjøkablar til Tyskland og Storbritannia auka kraftprisane. Norske forbrukarar må betale ein høg pris.
Tilliten bleikna
Støre-regjeringa frå 2021 held fram med same politikk. Arbeidarpartiet sin ideologi om velferd basert på ein sterk nasjonal energi- og industripolitikk var borte. Lause planar om «grøn» industri dukka opp over heile landet: batteri, hydrogen og ammoniakk, datasenter, elektrifisering av olje- og gassverksemd, alle med omfattande statleg støtte. Tilliten til styresmaktene bleikna. Regjeringspartia er i tilbakegang. Å velje feil teknologi er katastrofalt for eit stolt teknologisk samfunn. Vi taper både økonomisk, miljømessig og sosialt, konkurransekrafta er varig svekt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.