Endringane i smittevernlova er dramatiske

18. desember vedtok eit fleirtal i Stortinget ei endring i smittevernlova og helseberedskapslova.
18. desember vedtok eit fleirtal i Stortinget ei endring i smittevernlova og helseberedskapslova.
Publisert Sist oppdatert

Stortinget vedtok måndag 18. desember 2023 ei endring i smittevernlova. Lovsaka blei andregangsbehandla torsdag 4. januar 2024. Nokon har karakterisert vedtaket som ein trussel mot demokratiet. Andre ser det som mindre dramatisk.

Om det er ein trussel eller ikkje, er kanskje ikkje det viktigaste spørsmålet. Uansett har regjeringa no fått heimel til å vedta tiltak som Stortinget tidlegare klart har avvist, utan at dette har kome fram av korkje debatten eller lovvedtaket sjølv.

I Dag og Tid for 5. januar kallar Eirik Holmøyvik kritikken misforstått når den seier vedtaket inneber ei blankofullmakt for regjeringa til å stengja ned landet. Det er eg samd i. Men dette er på sida av saka. Problemet med lovendringa er ikkje at regjeringa med den kan stengja ned landet, det kan ho allereie med dei heimlane smittevernlova gjev. Problemet er at ho no kan vedta vidtgåande innskrenkingar i folks rørslefridom og familieliv utan på noko tidspunkt å konsultera Stortinget.

Kva seiar den nye lova? Den nye § 4-3a seier at «Ved alvorlig utbrudd av en allmennfarlig smittsom sykdom, jf. § 1-3 nr. 3 og 4, kan Kongen, for å forebygge eller motvirke overføring av sykdommen, gi forskrift om

a. isolering for smittede personer, jf. § 1-3 nr. 2, og

b. smittekarantene for personer som har økt risiko for å være smittet av den allmennfarlige smittsomme sykdommen etter nærkontakt med en smittet eller antatt smittet person, eller annen smittekilde.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement