JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Endå meir om seinfølgjer

«Problemet her er ikkje at FHI vel å sjå bort frå dei irrelevante, misvisande eller dårlege studiane, men at dei faktisk vert publiserte.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

1760
20240510
1760
20240510

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Covid-19

Richard Aubrey White (Dag og Tid 3. mai) er lite nøgd med korleis Folkehelseinstituttet handsamar temaet seinfølgjer etter covid-19 sjølv om instituttet lenge har informert om temaet og driv ei rad forskingsprosjekt om utbreiinga av seinfølgjer.

Han syner til vårt nyaste systematiske litteraturoversyn om seinfølgjer. Vi fann og vurderte 6918 vitskaplege artiklar, men ingen av dei oppfylte alle kriterium: sannsynleg omikronvariant, fleire enn tre hundre smitta personar, kontrollgruppe, oppfølging meir enn seks månader, fagfellevurdering og meir enn berre laboratorieresultat eller bilete. Problemet her er ikkje at FHI vel å sjå bort frå dei irrelevante, misvisande eller dårlege studiane, men at dei faktisk vert publiserte.

«Vi fann og vurderte 6918 vitskaplege artiklar, men ingen av dei oppfylte alle kriterium.»

White har rett i at ein statistisk teknikk kan kvantifisere ein type skeivskap (såkalla konfundering) i ein studie, men teknikken hjelper ikkje mot andre skeivskapar. Blant desse er moglege skeivskapar i kven som svarer på eit spørjeskjema, særleg når oppslutninga er så låg som til dømes i den norske studien om hugs, der færre enn 19 prosent av deltakarane svarte tre månader eller seinare etter covid-19.

Vår rapport om dødelegheit ligg på nettet, slik at alle kan sjå den heilskapen White etterlyser. Rapporten syner at dødelegheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015 (figur 5), og at det ikkje er auke i hjartedødsfall i gruppa under pandemien (figur 10a).

Preben Aavitsland er fagdirektør
ved Folkehelseinstituttet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis