En passasjer under ordre – eller – jeg finner nok frem
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
«Før Skipet seiler». Dette diktet er eit av mine favorittdikt og har vore det frå fyrst gong eg høyrde det. Interessant å lesa Jan Erik Volds kommentar i Dag og Tid nr. 19 den 13. mai.
Eg blei kjend med diktet då eg studerte norsk i Trondheim på slutten av 60-talet. Vi hadde professor Hans Lasinius Midbøe i litteratur og diktanalyse. Han var ein pedagog av Guds nåde. Om det går an å bruke slike ord her. Framifrå. Eg minnest han hadde grundig gjennomgang av Emil Boysons dikt «En Passager under Ordre». Vi kjende berre diktet med den tittelen, men eg har seinare sett at det blir kalla «Før Skipet seiler». Eg veit ikkje kvifor diktet har fått eit anna namn. Kanskje det er for å stille passasjerane litt friare. Dei kan nærmast sjølv velje om dei vil gå om bord, og om dei vil stå under ordre av ein kaptein eller «kim» det no må vera. Eg synest det er eit sterkt og tydeleg dødsdikt, og lett forståleg sjølv om han har utbrodert det litt på slutten. Diktet er fritt for kristeleg eller anna religiøs forkynning. Det er berre skipet som går, som seglar – mot landet bak havet.
Emil Boysons dikt minner meg om eit anna dikt, sjølv om det er heilt ulikt. Her er døden nemnd direkte. Han er avdramatisert og det er nesten som du bestemmer sjølv. Du er ikkje under ordre som Boysons passasjer. Du finn vegen sjølv. Eg tenkjer sjølvsagt på Kolbein Falkeids dikt «Jeg finner nok frem».
Døden er ikke så skremmende som før.
Folk jeg var gad i
har gått foran og kvistet løype.
De var skogskarer og fjellvante.
Jeg finner nok frem.
Dette er heller ikkje eit dikt med ein religiøs peikefinger som viser veg til himmel eller helvete. Det er skrive mykje om døden og det som ventar oss når det jordiske livet er slutt. Hans Midbøe, som eg har nemnt, har skrive ei bok om «Draumkvedet», som er vel det største norske diktverket om det «hinsidige».
Håvard Rem har sitert eit dikt/ ein song eg kjenner godt til «Han tek ikkje glansen av livet». Trygve Bjerkrheim skreiv denne songen då tanta mi døydde av kreft. Dette er eit gjennomført kristeleg forkynnande dikt/song. Trøysta her må vel vera at om vi er om bord i Emil Boysons skip og under ordre, så kan det gå bra. «Når døden sin brottsjø du møter, vil Jesus dra båten i land.»
Som sagt, dødsdikt er interessant lesing i mange variantar. Vi får vel stole på at Kolbein Falkeid har rett: Jeg finner nok frem.