Elevane fortener lærarar med kunnskap i kunst og handverk, og musikk

Elevane treng ein allsidig skulekvardag som gjev dei rom for å utfalda skaparglede og engasjement!
Elevane treng ein allsidig skulekvardag som gjev dei rom for å utfalda skaparglede og engasjement!
Publisert

Me har ikkje lykkast dersom me endar med ein skule som berre har kompetanse i få fag.

Kompetanse i faga kunst og handverk og musikk vert stadig større mangelvare i skulen. Det er få som vel desse faga i lærarutdanningane, og lærarane med utdanning i desse to faga vert stadig eldre. Skuleeigarar og rektorar på heile Vestlandet erkjenner også den same røynda – at det er eit aukande behov for lærarar som kan kunst og handverk og musikk.

Nyare tal frå Statistisk sentralbyrå viser at om lag 50 prosent av lærarane i musikk og kunst og handverk ikkje har utdanning i desse faga. Blant dei som snart nærmar seg pensjonsalderen, er det mange med fordjuping i musikk og kunst og handverk, men blant dei nyutdanna ser me ein klar tendens: Det faglege fundamentet for dei estetiske faga i skulen forvitrar i høgt tempo.

Forsking syner at undervisning utan kompetente lærarar kan ha negativ effekt på elevane si læring, utvikling, sjølvtillit og trivsel på skulen. I musikk og kunst og handverk risikerer ein at delar av faget vert valt vekk fordi læraren ikkje har tilstrekkeleg kompetanse, eller at elevane vert sett til «kreativ koseaktivitet» utan fagleg oppfølging.

Det er elevane og samfunnet som vert taparane, då me vil mista verdifull kunnskap om til dømes idéutvikling, eksperimentering og estetikk, som me treng for å skapa i framtida. Gjennom faga kunst og handverk og musikk lærer elevane å uttrykkja seg i andre medium enn det tekstlege. I kunst og handverk skal elevane arbeida med innovasjons- og designprosessar, ulike materiale og reiskapar, og øve opp evne til å lesa, forstå og bruka det visuelle språket. I musikk er spel, song og dans sentralt saman med å laga, forma og forstå eit mangfald av musikalske uttrykk. Samspel på instrument, improvisasjon og stemmebruk er andre element i faget.

Lærarar i musikk og kunst og handverk innehar også viktig tverrfagleg kompetanse som kan nyttast i læring i alle faga. Elevane treng ein allsidig skulekvardag som gjev dei rom for å utfalda skaparglede og engasjement! Læreplan for grunnskulen seier nettopp dette, at skulen skal gje elevane moglegheiter til å læra og utvikla seg gjennom sansing og tenking, estetiske uttrykksformer og praktiske aktivitetar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement