Eit tryggingsproblem

All kunnskap og informasjon som er tilgjengeleg på digitale læringsplattformer, kan ikkje erstatte lærebøker, meiner Jan Jørgen Skartveit.
All kunnskap og informasjon som er tilgjengeleg på digitale læringsplattformer, kan ikkje erstatte lærebøker, meiner Jan Jørgen Skartveit.

Samfunnet kan ikkje la algoritmane avgjere kva som blir presentert for allmenta som spørsmåla demokratiet bør bruke tid på å diskutere.

Publisert

Språkleg og fagleg kvalitetssikra skulebøker i alle fag i skulen er òg tryggingspolitikk.

I Dag og Tid 10. mai spør journalist Christiane Jordheim Larsen om Noreg bør ha eit statleg organ for psykologisk forsvar, for å trygge befolkninga i Noreg mot krefter i samfunnet og frå utlandet som vil påverke befolkninga ved å spreie villeiande informasjon og falske nyhende.

I same artikkel er nyhendedirektør i NRK Helje Solberg samd i at styresmaktene må ha ein strategi for korleis dei skal møte «spreiing av desinformasjon, propaganda og manipulering». Solberg meiner: «Noko av det viktigaste styresmaktene kan gjere for å styrkje den digitale motstandskrafta, er å sørgje for at folk har tilgang på uavhengige redaktørstyrte medium.» Rammevilkår for media og regulering av globale plattformer er viktig, konkluderer Solberg.

Samfunnet kan ikkje la algoritmane avgjere kva som blir presentert for allmenta som spørsmåla demokratiet bør bruke tid på å diskutere. Sosiale medium og algoritmar kan ikkje få avgjere kva for spørsmål folk skal bli tilstrekkeleg opplyste om til at dei kan ta sjølvstendige avgjerder om kva dei ønskjer i formelle val til kommunar og Storting og ved folkerøystingar.

I ei global og digital verd har skulesamfunnet og lærarane same utfordringa som massemedium har: Kven skal vere redaktørane som garanterer for sikker og sann kunnskap? Kven garanterer mot falske nyhende, ugyldig og manipulert informasjon?

I skulen har kvalitetssikra lærebøker tidlegare hatt ei tilsvarande redaktørrolle i skulen si verd av informasjon. All kunnskap og informasjon som er tilgjengeleg på digitale læringsplattformer, og alt som er tilgjengeleg av informasjon på internett, kan ikkje erstatte lærebøker som ansvarleg redaktør for gyldig kunnskap i skulen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement