Eit teikn på frustrasjon
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Kvifor røystar så mange amerikanarar på Trump? Eg freista ei forklaring i denne avisa den 22. mars. Øivind Østberg likar ikkje forklaring mi og avfeiar ho som woke (Dag og Tid 12. april). Eg stussar over denne skuldinga, for tyder ikkje dette at eg er ovleg opptatt av rasisme, sexisme og annan krenkande identitetspolitikk?
La meg fyrst seie at eg skreiv denne kommentaren om Trump fordi eg er lite nøgd med dei vanlege forklaringane på Trump sin popularitet – dette at tilhengjarane hans er uvitande, og at dei let seg lure av ein type propaganda som nazistane brukte i si tid. Så eg gjorde eit forsøk på å forklare Trumps popularitet utan å nemna veljaranes dumskap eller mellomkrigstidas Tyskland. Eg freista ei alternativ forklaring som var forankra i USA sjølv: Trump er populær fordi han koplar seg på ein autoritær politisk understraum som går langt tilbake i USAs historie.
Øivind Østberg likar ikkje dette. Han likar ikkje ideen om at amerikansk politikk kan skildrast som ei slags pendling mellom ideal om likskap og fridom på den eine sida og autoritær praksis på den andre. Og han likar slett ikkje at eg ser på Trump som ein reaksjonær arvtakar av ein gamal autoritær praksis.
Men slik eg las Østberg, så er han og eg samde i ein sentral påstand: at Trump sin appell er eit teikn på frustrasjon. At amerikanske veljarar flokkar seg kring Trump fordi han skildrar det amerikanske samfunnet på ein måte dei kjenner att. Og fordi han lovar å gjere noko med det. Østberg skriv at amerikanske veljarar er frustrerte over mellom anna sterkt aukande kriminalitet, inflasjon og ukontrollert innvandring. Dette er eg samd i.
Men når Østberg gjev Biden skulda for alt dette, så er eg usamd. For det første så auka kriminaliteten merkbart under Trump, medan han fall under Biden. For det andre så var inflasjonen på veg opp under covid-pandemien, skaut i veret i 2021 og har falle sidan. For det tredje overdriv Østberg makta til staten og presidenten – slik Trump sjølv gjer. Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet. Årsakene er samansette og ligg ofte utanfor USA sjølv. Alle vestlege land balar med dei same problema til same tid og i om lag same monn. Dette er òg openbert når det gjeld innvandring og identitetspolitikk.
Men den største skilnaden mellom Østberg og meg er at han er opptatt av hudfarge, medan eg er mest opptatt av politisk økonomi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.