Eit svært godt skatteopplegg
Oppdrettsanlegg frå Selfjorden på Senja.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
31. mai 1963 i ein kongeleg resolusjon la regjeringa Gerhardsen ressursane på og under havbotnen inn under Heimfallsretten. Slik blei olje- og gassressursane felleseige, så alle nordmenn eig dei i lag. Etter at Noreg inngjekk ein avtale med Storbritannia om at midtlina delte sokkelen, lyste regjeringa den 9. april 1965 ut alle blokkene sør for 62. breiddegrad. Selskapa som søkte om konsesjon, godtok 50 prosent heimfall etter ni år.
I 1975 innførte regjeringa Bratteli grunnrenteskatt på olje- og gassutvinninga, eit skattegrep der regjeringa oppnådde alle viktige mål ein skatt skal oppnå. Skattegrepet var eit sosialt eksperiment der ein kunne testa utfallet mot eit kontrollområde, den britiske sokkelen der britane valde rådande politikk.
Oljeselskapa, dei rikaste på sokkelen, kunne ikkje overføra inntekter og overskot til skatteparadis, dei måtte betala (meir) skatt. Det gav regjeringa skatteinntekter til å etablera ein ny industri og sikra fleire arbeid. Me fekk ein sterk internasjonal industri som effektiviserte og auka olje- og gassutvinninga frå rundt 20 prosent til over 50 prosent på norske felt. 30. august 2016, i ein Rystad Energy-graf brukt av Dagens Næringsliv, har avisa samanlikna det som skjedde på norsk og britisk sektor: På norsk sokkel kosta det i snitt under 30 prosent å utvinna eit fat olje samanlikna med britisk sektor, og frå norske felt utvann selskapa i snitt nær åtte gonger fleire fat enn selskap på britisk side oppnådde.
Utviklinga kan forklarast enkelt: Nye, uavhengige selskap fekk dekt nesten all risiko for nye, meir effektive og lønnsame innovasjonar, tekniske løysingar og ikkje minst teknologiske nyvinningar. Då regjeringa Harlem Brundtland i samarbeid med oljeteknokratar overførte drifta av råoljedelen på det store gassfeltet Troll til Norsk Hydro, fullutvikla selskapet horisontal boring. Råoljen ligg i tynne lag på botnen. Norsk Hydro henta denne råoljen og auka oljeinntektene til landet, både frå det statskontrollerte Norsk Hydro og sjølvsagt grunnrenteskatten.
Grunnrenteskatten reduserer utvinningstempoet som me ser i grafen. Det svenske oljeselskapet Lundin fann Sverdrup-feltet rundt 2010, det tredje største oljefeltet på norsk sokkel, over 40 år etter at Ekofiskfeltet vart funne. Inntektene frå Troll og Sverdrup gjer at Oljefondet no veks att etter ein periode med uttak frå fondet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.