Eit liv i Nanterre 92

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Eg har mange minne frå dei åra eg budde i Nanterre, vest i Paris. I Rue Anatole France var bustadblokkene kolossale. Eg klarte ikkje å telje kor mange etasjar dei hadde. I oppgangen der eg og kjærasten min budde, var det òg ein storfamilie frå India, dei fekk levert ris i tikilossekker på døra. Når dei tok til å kokkelere, dufta det himmelsk. Sentralt plassert i midten av drabantbyen låg universitetet, Nanterre université, universitetsbygningane frå 60-talet var nedslitne, men ikkje meir enn til dømes Blindern, og til skilnad frå norske universitet låg tobakksrøyken tungt i fellesareala der studentane sat og drakk espressokaffi frå knøttsmå pappkoppar mens dei venta på neste forelesing.

Da eg budde der, var talet på studentar litt over 31.000. I heile kommunen budde det om lag 90.000. Eg blei imponert over at det låg ei løpebane kloss inntil universitetscampusen, men det var før eg hadde fått auge på 50-metersbassenget. Gratis for alle studentar. Det var første gongen eg svømte i eit så stort basseng. Når eg sprang nokre rundar på løpebana, var eg aldri aleine.

Universitetet trekte til seg studentar frå heile verda. Når eg i dag ser på bilete av Nanterre université, ser eg forandringar. Det framstår no som eit moderne grønt universitet som kunne ha vore kor som helst i Europa, Asia eller USA.

Kvar veke rann den vesle postkassa nede i 1. etasje over av info frå foreiningar og eldsjeler i drabantbyen. Det var tilbod om kurs i dans og song frå absolutt heile verda. Eg syntest det var rart at det var så stort tilbod innan, for meg, perifere idrettar som judo og basket. Om sommaren var judotreninga lagd utandørs til, «Parc André Malraux», ein stor grøn park som låg mellom drabantbyen og finansbydelen La Défense. Om hausten og våren trekte kvitkinngåsa pusten her. For dei judointeresserte ungdomane var det utandørstrening først og så prat og sosialt samvær medan det blei servert lunsj. Mykje godt arbeid har blitt gjort. Sidan eg drog, har den lokale basketklubben Nanterre 92 vore heilt i toppen i fransk og europeisk basket. Når eg ser klipp av dei på YouTube, er det eit vitnesbyrd om kva globalisme på fransk tyder.

Alle dei 36.000 franske kommunane har marknad ein eller to gonger i veka. Marknaden i Nanterre var kvar tysdag, torsdag og sundag. Han var fargerik, duftande, polyglott og høglydt. Franskmenn er glade i å plapre om laust og fast. Det var òg dei som budde i drabantbyen. Ein liten handel over grønsakene eller haugen med eksotiske sjal og skjerf blei fort til ein lang prat der siste nytt frå drabantbyen var det store temaet. Marknaden er ein folkeleg møteplass der tida berre går og går. Å be nokon skunde seg ville ha vore eit flautt brot på Nanterres savoir vivre. For dei eldre som bur einsame i ei av leilegheitene, kan den psykososiale verknaden av handel og prat knapt overvurderast.

I Nanterre kom og gjekk RER-toga heile tida. Om dagen var perrongen fylt med studentar som stod og las medan dei venta nokre få minutt på neste tog. På eit kvarter var dei under Triumfbogen, på knutepunktstasjonen Charles de Gaulle Étoile. Det var kanskje nok til å lese eit avsnitt til i pensumboka. Toga til det franske NSB, SNCF, gjekk òg til og frå Nanterre. Da var dei på vakre Gare Saint-Lazare på ein halvtime. Om kvelden var det ungdomane i drabantbyen som suste inn og ut til Paris eller til varehusa og Imax-kinodomen på La Défense. Dei sprekaste prøvde kanskje klatreveggen i parken på veg heim.

Dette var nokre bilete eg har tatt med meg frå Nanterre. No er det juli 2023. Eg er overraska over øydeleggingslysta eg ikkje har fått auge på. Når det er sagt. Eg har jo sett det før. Filosofen Alain Finkielkraut stilte ein gong spørsmålet: «Når du set fyr på bilen til naboen din. Kva protesterar du mot da? No har røyken lagt seg for denne gongen og rett ved den utbrende bilen som naboen din treng kvar dag for å komme på arbeid, ser du ein nedbrend skole for autistar.»