Eit forsvar for artikkelen om tarmenFolkehelseJan RaaOsloI innlegget med tittelen «Tøv om tarmen» (Dag og Tid 2. mars 2018) omtaler Pernille Nylehn artikkelen «Terror mot tarmen» (Dag og Tid 16. februar 2018) som «slett journalistikk». Etter hennar meining

Publisert

I innlegget med tittelen «Tøv om tarmen» (Dag og Tid 2. mars 2018) omtaler Pernille Nylehn artikkelen «Terror mot tarmen» (Dag og Tid 16. februar 2018) som «slett journalistikk». Etter hennar meining har journalisten Jon Hustad kome med så «dramatiske» påstandar om kva antibiotika og ugrasmiddelet glyfosat gjer med bakteriane i tarmen (mikrobiomet) og med folkehelsa, at ho finn det passande å retta ein finger mot redaksjonen («kva med redaksjonen?»).

I journalistisk formspråk peikar Jon Hustad på eit stort helseproblem i vestlege land, og han dristar seg til å peika på at antimikrobielle stoff brukte i medisin og landbruk kan ha noko med saka å gjera. Lækjar Pernille Nylehn meiner derimot at det neppe er nokon fagperson som vil skriva under på at det er ein slik samanheng.

Ein lækjar vert ofte oppfatta som ein «autoritet» – ein som er forvaltar av kunnskap og kjenner sanninga. Slik er det ikkje i saka eg no skriv om. Eg skriv desse få linene med tanke på å få lesarane til å ta journalisten på stort alvor og tru mindre på «autoriteten».

Menneska og alle dyr har gjennom evolusjonen utvikla eit samliv (symbiose) med mikrobane som lever i tarmen. Dei fleste av desse (om lag 100 tusen milliardar) lever i tjukktarmen. Talet på desse mikrobane er ti gonger høgare enn talet på våre eigne kroppsceller og mikrobiomet i tjukktarmen inneheld 150 gonger fleire genar enn dei som finst i kroppscellene våre.

Mikrobane i tarmen er eit komplekst økosystem med tusenvis av ulike artar som gjer meir enn å flyta rundt i tarminnhaldet, og dei gjer meir enn å tyna dei siste restane av næring ut av maten. Dei er våre partnarar som styrer og påverkar mange fleire funksjonar i kroppen enn det ein var klar over for berre få år sidan. Dersom dette økosystemet kjem ut av balanse ved at nokre mikrobar veks fram og andre døyr – det vert kalla dysbiose – kan dei medisinske konsekvensane vera alvorlege, stundom livstrugande. Eit døme på det siste er antibiotikaindusert diaré som kjem av ein elles harmlaus – jamvel nyttig – tarmbakterie (Clostridium difficile). Han vert livstruande berre når andre tarmbakteriar, dei som held denne bakterien i sjakk, vert «slått ut» av antibiotika.

Eg er viss på at alle dei som er oppdaterte om tarmmikrobiologi og folkehelse, er samde i at dysbiose ligg til grunn for det som vert kalla vestlege livsstilssjukdomar, slike som astma, allergi, ekstrem fedme, diabetes, Crohns sjukdom, ulcerøs kolitt, autisme og fleire. Hos pasientar med Crohns sjukdom er til dømes tjukktarmbakterien Faecalibacterium prausnitzii kome i mindretal – eller utrydda. I andre sjukdomstilfelle har nokre bakterieartar vorte meir dominerande enn i det «sunne» økosystemet. Det gjeld til dømes tjukktarmbakteriar i slekta Proteobacteria. Det er all grunn til å tru at desse bakteriane har noko å gjera med utviklinga av tjukktarmkreft. Høgt tal av denne bakterien vert difor nytta som ein risikomarkør for tjukktarmskreft. Det overraska mange fagfolk då det nyleg vart vist at klinisk god effekt av immunoterapi ved kreft (med monoklonale antistoff), i svært stor grad er bestemt av at pasienten har dei rette mikrobane i tarmen. Denne greina av mikrobiologien er difor no eit brennheitt felt innan kreftbehandling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement