Fredspris
Eit bilete, meir enn tusen ord
Den norske Nobelkomiteen. Frå venstre: Anne Enger, direktør for Nobelinstituttet og komitesekretær Kristian Berg Harpviken, Gry Larsen, Kristin Clemet, nestleiar Asle Toje og komiteleiar Jørgen Watne Frydnes.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
For mange, mange år sidan høyrde eg eit foredrag av den svenske familierådgjevaren Eva Sternberg der ho mellom anna sa at ein kunne sjå på eit familiebilete kven som var overhovud i syskenflokken.
Eg kom til å tenka på det då eg såg biletet av Nobelkomiteen over seks spalter i Dag og Tid nr. 9 (27. februar).
Biletet, som er teke av NTB sin fotograf Håkon Mosvold Larsen, er ypparleg iscenesett. Omgjevnadane gjev preg av tyngde. Tunge stolar, eit tungt bord, doble, bogeforma dører og eit imponerande biletgalleri.
Direktøren/ komitesekretæren til venstre i biletet tek stor plass i framgrunnen. Komiteleiaren sit litt nærare bordet og ser på fotografen med eit mildt blikk. På andre sida av bordet sit medlemmene, nærast som statistar.
Det som fekk meg til å sjå nærare på biletet, var Anne Enger, som må strekka seg for å komma fram bak ryggen til direktøren. Skoa til direktøren tek om lag tre gonger så stor plass som andletet hennar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.