Einsretta medium

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ein sluttar ikkje undra seg over norske medium – og dei fleste vesteuropeiske også, for den saka si skuld. Framstillinga er einsidig, for ikkje å seia rein kampanjejournalistikk når det gjeld hendingar i utanverda og ikkje minst klimapåstandar.

Dag og Tid skjemmer seg ut med å kjøpa og prenta dyre artiklar skrivne av Anne Appelbaum, nær knytt opp til maktapparatet i USA og gift med ein tidlegare polsk minister. I siste nummer kokar ho suppe på ein konflikt som no ikkje lenger har noko grunnlag. Flyktningane frå Midtausten som freista koma til Tyskland, er ikkje lenger på grensa mellom Polen og Kviterussland og vil anten få opphald i Kviterussland eller reisa tilbake dit dei kom ifrå.

At det er USA, England, Frankrike og også Noreg som med framferda si i Midtausten, Libya og Afghanistan har skapt flyktningproblemet, ser ein ikkje eitt ord om. Korkje Russland eller Kviterussland har noko ansvar der, snarare tvert imot. Utan russisk støtte til styret i Syria ville ein truleg ha sett endå høgare flyktningtal. Når Dag og Tid smykkar seg med skribentar som Appelbaum, Hagtvet og Hegge, skal du ha takk.

Like ille i norske medium er det når det gjeld støtte til vettlaus klimapolitikk. Og der er heldigvis ikkje Dag og Tid den verste. Men avisa stiller ikkje nok spørjeteikn ved vedtekne «sanningar». Ein kunne til dømes spørja: Kva slags målingar er det som ligg til grunn for påstandar om auke av (menneskeskapt) gjennomsnittleg globaltemperatur, og kor pålitande er dei? Er det vitskapleg mogleg å fastsetja auke i denne temperaturen på årsbasis til 0,5 gradar?

Er det berre straumeksport som ligg til grunn for dei høge straumprisane i Noreg for tida? Er ikkje omlegginga til vêravhengige energikjelder i kalde regn- og vindfattige tider hovudårsaka? Var det klokt å forby oljefyring? Er det klokt å oppmoda til overgang til elbil, til elektrifisering frå land av oljeplattformer, til omlegging til elektrisk drivne ferjer og så bortetter?

Olje, gass, kol og uran har den store føremonen at dei er vêruavhengige og svært effektive energikjelder.

Reddar ein verda med omlegging til vêravhengige kjelder? Er jordkula og verdshava så ille ute at ein må nytta metaforen sårbar? Er ikkje naturen når alt kjem til alt, mindre «sårbar» enn sivilisasjonen? Så snart mennesket gjev opp å hanskast med naturen, tek han sitt mon att – jf. naturområdet Tsjernobyl i dag og forlatne byar i dagens jungel i Guatemala og Kambodsja, til dømes. Naturen har teki fullstendig overhand.

Har ikkje klimaideologane ein tendens til å hoppa rundt på verdskartet etter som det høver? I år kan ikkje tilhøva på Svalbard og i nordområda brukast. Der er kaldare og meir is og snø enn på lenge. Turke og orkanar er det heller lite av. Det har vori ein del vulkanutbrot og jordskakingar – men det er vel snart det einaste menneska ikkje skal få skulda for.

I media messar dei vidare om togradarsmålet, og det vert overlati til ideologisk forankra ekspertar, forskarar og statistikarar å fortelja oss at sterk kulde berre er vêr, ikkje klima, og at før 2050, eller 2100 eller kan henda var det 2300 – finst det ikkje isbrear att.

Det er nok ei samfunnskritisk avis kunne skriva om. Er det von om at Dag og Tid vil verta mindre konform?