Einskap eller oppløysingNYNORSKARVID LANGELANDVOSSAud Søyland skriv i Dag og Tid nr. 43 at for henne og mange med henne er det viktig «at nynorsken framleis er eit 'landsmål' i den tydinga at han femner om heile landet. Derfor meiner eg at rettskrivingsnem

Publisert

Aud Søyland skriv i Dag og Tid nr. 43 at for henne og mange med henne er det viktig «at nynorsken framleis er eit ’landsmål’ i den tydinga at han femner om heile landet. Derfor meiner eg at rettskrivingsnemnda kom fram til eit bra resultat ved å tillate ein del valfridom, og derfor har eg vore med på å lage ei ordliste med forenkla råd for dei som kjenner seg usikre i nynorsk.»

Ho seier fylgjeleg at resultatet som rettskrivingsnemnda kom fram til, ikkje vart so bra likevel, all den tid ho sjølv har vore med og laga ei ordliste med tittelen Enkel nynorsk ordliste. Målgruppa for ordlista er «dei som ikkje bruker nynorsk til vanleg, men som skal bruke nynorsk i arbeidet sitt».

Eg merkar meg at tilbodet hennar til denne målgruppa er ein nynorsk som med få undantak skil seg minst mogleg ut frå bokmål. Det er ein nynorsk som viser seg med å vera usynleg: tenke – tenker, ønske – ønsker, bruke – bruker.

Det som Søyland omtalar som «ein del valfridom», ser slik ut i den gjeldande rettskrivinga:

fylgje, fylgjer, fylgde, fylgt el. følgje, følgjer, følgde, følgt el. følge, følger, følgde, følgt (i tillegg kjem valet mellom a-infinitiv eller e-infinitiv); forelesar/førelesar; formiddag/føremiddag; føremon/føremonn, osb.

Søyland er på kollisjonskurs med Aasen sitt syn på landsmål i tydinga eit mål for heile landet:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement