Ein viktig dialog for kyrkja og for samfunnetDEN NORSKE KYRKJA OG ISLAMTROND BAKKEVIGOLAV FYKSE TVEIT

I 2009 var Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn samla framfor Stortinget for å fordømma valdelege opptøyar og stigmatisering av jødar og muslimar. F.v.: Senaid Kobilica, Islamsk Råd Norge, Anne Sender, Det Mosaiske Trossamfund og Olav Fykse Tveit, Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja.
I 2009 var Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn samla framfor Stortinget for å fordømma valdelege opptøyar og stigmatisering av jødar og muslimar. F.v.: Senaid Kobilica, Islamsk Råd Norge, Anne Sender, Det Mosaiske Trossamfund og Olav Fykse Tveit, Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja.
Publisert

Terje Tvedt gjev i Dag og Tid 38/2017 eit ganske interessant, men nokså avgrensa historisk resymé av Den norske kyrkjas initiativ til dialog med muslimske organisasjonar i Noreg sidan starten av 1990-talet. Det er ein god del rett i det han skriv, men det er ein del vesentlege poeng og hendingar han ikkje tek med. Difor vert også hans perspektiv på kva ein vil med dette, noko ufullstendig.

Det er relevant (som Tvedt gjer) å sjå dette dialogarbeidet i lys av debattar og utvikling i det internasjonale felleskyrkjelege (økumeniske) arbeidet, ikkje minst i Kirkenes Verdensråd. Det vart lagt mykje vekt på at kyrkjene må bidra til dialog for betre gjensidig forståing og respekt. Erfaringar frå ulike delar av verda tilsa at interreligiøs dialog var nødvendig for å skape tillit som kunne legge grunnlag for fredeleg samliv og sameksistens mellom ulike religiøse grupper.

Då talet på muslimar og muslimske trusorganisasjonar auka kraftig i Noreg på 80-talet, var det mange gode grunnar til å prøve å etablere nokre faste rammer for kontakt mellom dei og Den norske kyrkja. Det var også ønskjeleg å ha eit interreligiøst forum for å ta opp vanskelege spørsmål som gjaldt forholdet til styresmaktene og deira handtering av nye utfordringar i eit fleirreligiøst samfunn. Dessutan ønskte ein å ha gode rammer for samtale om vanskelege verdispørsmål mellom kristne og muslimar i Noreg.

Prest og seinare professor Oddbjørn Leirvik gjorde ein uvurderleg innsats for å kartleggje dei muslimske trussamfunna og for å leggje til rette for slike kontakt. Då vi frå Mellomkyrkjeleg råd (MKR) innkalla til det fyrste kontaktmøtet, var det å gå opp nye vegar, men initiativet hadde god støtte frå leiande krefter i kyrkja. Biskop Andreas Aarflot heldt på møtet i 1992 ein substansiell og tydeleg tale om kyrkja sine intensjonar for dette arbeidet, i tråd med det som her er nemnt ovanfor.

Slike tillitsskapande tiltak i denne perioden var ikkje spesielt for Noreg. Liknande tiltak vart sette i verk til dømes i Sverige og i Storbritannia. Det siste med høgt profilert engasjement av den kjende teologen Rowan Williams, erkebiskopen av Canterbury. Han gjekk lenger enn mange andre i å foreslå kva rettar muslimar skulle ha i Storbritannia. At det ikkje var etablert ein slik fast kontakt mellom muslimar og kyrkje i Danmark, vart seinare ei stor utfordring når det vart ei krise. Dette har vorte sagt direkte frå leiande hald i dansk kyrkjeliv.

At invitasjonen (til dette møtet med Den norske kyrkja) til alle dei kjende muslimske trussamfunna i Noreg i 1991 førte til at mange av dei organiserte seg i Islamsk Råd Norge (IRN), vart i neste omgang nyttig for kyrkja sin organiserte dialog med dei vidare. Vi har sett at også styresmaktene sin dialog med dei om aktuelle spørsmål om trusfridom, religiøse rettar i Noreg, religionsundervisning m.m. har hatt nytte av at dei var organiserte i eit felles råd. Det kan tene eit ope og demokratisk samspel med sivilsamfunn og religiøse aktørar. Det har vore viktig for Mellomkyrkjeleg råd å bidra til religiøs fridom, toleranse og lik behandling frå styresmaktene. Dette er også gjort ut frå kyrkja sine eigne verdiar og målsetjingar. Difor støtta MKR at Islamsk Råd vart eit anerkjent organ i Noreg og gitt offentleg støtte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement