JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ein uskriven kontrakt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Foto: Emilie Holtet / NTB

3564
20231103
3564
20231103

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Arbeidslinja

Eg er uroleg for dei som hamnar utanfor arbeidslivet. Jobben min er å få fleire i arbeid. Derfor er arbeidslinja framleis relevant.

Arbeid er bra for den enkelte. Gjennom arbeid får du inntekt, og du kjenner at du høyrer til. At så mange som mogleg er i arbeid, er bra for samfunnet. Det sikrar verdiskaping, det sikrar at oppgåver blir løyste. Me er heilt avhengige av å inkludera fleire i arbeid, fordi det finansierer det felles sikringsnettet vårt, velferdsstaten.

Arbeidslivspolitikken skal støtta opp under målet om flest mogleg i arbeid. Det er dette arbeidslinja handlar om.

Det betyr ikkje at alle eldre, eller folk som har dårleg helse, skal jobba. Eg rettar heller ingen peikefinger til dei som ikkje jobbar. Den som ikkje kan jobba skal ta imot hjelp med godt samvit.

Astrid Sverresdotter Dypvik skriv om trygdemisbruk i Dag og Tid førre veke, og koplar det opp til meiningane mine om arbeidslinja. Det meiner eg er eit sidespor. Uroa mi er knytt til at altfor mange hamnar utanfor arbeidslivet.

Derfor vil eg gjerne diskutera korleis vi kan inkludere fleire.

Arbeidslinja er den uskrivne kontrakten i samfunnet vårt, som sikrar velferd for oss alle. Arbeidslinja er ei slags stillteiande semje der alle som jobbar, er med på å finansiera dei felles velferdsordningane våre.

Dei aller fleste av oss treng i kortare eller lengre periodar hjelp frå Nav. Det kan vera inntektssikring i form av fødselspermisjon, sjukepengar eller trygd, eller alderspensjon når vi blir gamle. Og det kan vere tenester som rettleiing, oppfølging eller tiltak for å koma i arbeid.

For at me skal ha alt dette, og for at fellesskapet skal kunne betala for velferdstenestene våre i tida framover, må vi gjera meir for å inkludera fleire i eit arbeidsliv i stadig endring.

For å halda oppe den kontrakten arbeidslinja er, må vi tenke langs tre linjer.

Først handlar det om evna folk har til å jobba.

Vi skal ha ein skule der elevane opplever betre læring, trivsel, og meistring. Utdanningssystemet vårt skal sikra at fleire er kvalifiserte til arbeid. Dei som står utanfor arbeidslivet, må få kompetanse som gir dei jobb. Dei som jobbar, skal kunna byggja på kompetansen sin for å møta behova i arbeidslivet.

Den andre linja handlar om at vi gir folk moglegheiter til å jobba.

For at folk skal ha høve til å jobba, må vi ha nok jobbar her i landet. Vi må føra ein økonomisk politikk som tryggjer og skaper arbeidsplassar, over heile landet. Vi må få folk inn i jobbane som finst, ved å gi dei kompetansen dei treng, eller arbeidstreninga dei manglar. Nav og bedriftene må samarbeida godt. Arbeidsgjevarar må våga å gi folk som står utanfor, ein reell sjanse.

Den tredje linja handlar om insentiva til å jobba.

Det skal alltid lønna seg å jobba. Vi må sjå på om det er for vanskeleg å kombinera ytingar med arbeidsdeltaking. Er reglane urimelege, eller slik at dei held deg ute frå arbeidslivet? Vel, då bør vi tilpassa dei.

Dypvik løftar fram opplevinga ei ho kjenner, har hatt med Nav. Eg kjenner ikkje hennar sak, men det er ikkje tvil om at møtet mellom enkeltpersonar og eit stort og komplekst system som Nav ikkje alltid treffer. Det vil alltid vera eit forbetringspotensial. Til dømes veit vi at for mange må venta for lenge før dei får saka si endeleg avgjort. Slik skal det ikkje vera.

Saksbehandlingstida skal ned, og kvaliteten på saksbehandling skal opp. Det er viktig for kvar enkelt, for tilliten til Nav og for tilliten til heile velferdsstaten.

Tonje Brenna er arbeids- og inkluderingsminister.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis