Ein stat av Israel og PalestinaMidtaustenEinar KringlenAskerIsrael i dag liknar lite på Israel for femti år sidan. Etter krigen i 1967 har Israel okkupert Gaza, Sinai frå Egypt, vestbreidda frå Jordan og Golanhøgdene frå Syria. Landet har nå ein fredsavtal

Publisert

Israel i dag liknar lite på Israel for femti år sidan. Etter krigen i 1967 har Israel okkupert Gaza, Sinai frå Egypt, vestbreidda frå Jordan og Golanhøgdene frå Syria. Landet har nå ein fredsavtale med Egypt og Jordan, det har utvikla ein høgteknologisk økonomi og har eit folketal på 9 millionar – nå verdas største jødiske samfunn. Israel har okkupert Palestina i over 50 år og byggjer ulovleg sine israelske hus på palestinsk område.

Berre naive menneske kan ha trudd på ei tostatsløysing etter Oslo-avtalen. Høgrepartia i Israel som dominerer politikken, er ikkje interesserte i ei tostatsløysing, og statsministeren Benjamin Natanyahu har gitt ope utrykkk for motstand mot ei slik løysing. Trumps siste utspel om Jerusalem som Israels hovudstad, er spikaren i kista for ein gamal draum.

Saeb Erekat, Palestinas forhandlar, er einig i at Trumps vedtak er dødsstøytet for ei tostatsløying. Palestinarane må nå skifte merksemda over mot «one state with equal rights» – ein stat med like rettar for begge folk. Erekats oppfatnig har nå etter kvart vunne tilslutnad frå den palestinske leiarskapen, og fleire og fleire unge er einige etter som dei opplever at alt er blitt verre og verre etter Oslo-avtalen. Med andre ord, kampen må nå førast for like sivile rettar, inkludert reise- og talefridom og rett til røysting ved nasjonale val.

Medan Dei sameinte nasjonane fordømte Donald Trumps nye politikk, med 128 røyster og 9 mot, aksepterte dei arabiske statane stillteiande Trumps politikk, sjølv om presidentens politikk for alltid gjorde slutt på tostatsløysinga.

Alternativet til ei tostatsløysing er eit stor-Israel som femner om dei okkuperte områda. Ein slik stat kan bli jødisk eller demokratisk, men ikkje både jødisk og demokratisk.

Ein del av høgresida i Israel såg nok for seg eit system der dei fleste palestinarar ville forbli statslause for all tid, busett under lover ulikt dei som styrer israelske innbyggjarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement