JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ein overraskelse i tre akter

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3243
20221202
3243
20221202

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

GEORG JOHANNESEN

1. Overraskelse, ca. 1968

Ho var blitt litt overraska over at dei nye skrivegutane var på førenamn med velkjende størrelsar i media, som for eksempel Brikt Jensen og Georg Johannesen. Gutane var gjerne på veg til eller frå Brikt eller Georg, og Georg måtte vere ganske spennande, for dei kunne få dårleg tid når dei stod på farten. Og plutseleg ein dag på Majorstua i Oslo får ho ein overraskelse til i det ho skimtar ein uroleg fyr på trikkehaldeplassen; han var svart i håret, hadde lys, brun skinnjakke over ein raud genser, og han rørte seg som ein røyskatt eller muligens mår … og det blinka blankt og kvitt i augene hans på lang avstand. Oi-sann! Det der var nok Georg Johannesen tenker ho i det han forsvinn inn på trikken.

2. Håp, ca. 1970

Det var sommar. Kvart bidige år er det sommar, og ho ruslar omkring i sommargraset og kjenner på noko som ikkje riktig vil vere sommar uansett. Dette var livet, ja, dette er livet, og ho ser ut over sjøen og tilværet og litteraturen og ser mellom anna at sjøen er vakker, og at den rører på seg, men det vil ikkje endre på så mykje.

Men så ein dag har ho plutseleg oppfatta at der finst alternativ, nesten heilt utan vidare. Ho kan la graset og sommaren og litteraturhistoria vere sommar, gras og litteraturhistorie, ho kan gå inn i huset og ta fram tekstar som tydelegvis er skrivne for å utfordre ubestemmelege sommarstemningar. Ein av forfattarane heiter Georg Johannesen, og då dreiar det seg om litteratur som etter kvart (for henne) blir eit slag smertestillande med sine ivrige forslag til alternativ.

Tekstane rører seg tematisk i rasande fart mellom litteratur og samfunn, kulturkonvensjonar og modernitet, dei utfordrar lesarens kunnskapsnivå, og demonstrerer både glede, sinne og skadefryd. Her blei, eksempelvis og heilt uventa, den antatt forvirrande og lettvinte modernismen slept ut av tankeburet sitt på europeisk 1800-tal for deretter å bli gjenoppdaga i t.d. norsk mellomalderdikting, eller antikken, eller egyptisk kunst i bronsealderen osv. Før den til slutt blir aktualisert til her og nå:

«Der er en sammenheng mellom steinaldermannen som sa: ’Vinden er en stor, blå mann, og den moderne dikter som taler om språkets lydløse katastrofer.’»

3. Skriveoppgåve, ca. 1995

På Forfattarstudiet i Bø hadde Georg Johannesen ståande invitasjon til å undervise. Ein såg gjerne at han kom mot slutten av studieåret, slik at studentane fekk ein siste tydeleg sjanse til å vurdere kvar lista kunne ligge viss dei hadde planar om å bli forfattar.

Og Georg kom. Og Georg snakka som ein foss, mest om retorikk. Og så kunne han plutseleg lese ein salme høgt, f.eks. av Brorson. Og så sat han plutseleg der med tårer i auga.

Første gongen han var i Bø, måtte studentane opplyse han om at dei bruka å få oppgåve til neste dag. «Oppgave, oppgave», kviskra dei med forsiktige og blanke blikk. «Oppgave??» bjeffa Georg, «vil dere har oppgave? Dere kan gå hjem og skrive deres egen gravskrift!» Og ja, dette blei saktens også ein overraskelse, studentar som tidlegare hadde vore moderat motiverte for poesiskriving, tok utfordringa på strak arm.

Eldrid Lunden er lyrikar og essayist og professor emerita i skjønnlitterær skrivekunst.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis