Debatt

«Ein nordisk konføderasjon treng ikkje femne meir enn forsvaret.»

Kivilompolo Finland 20240309. Finlands forsvarsminister Antti Häkkänen, forsvarsminister Bjørn Arild Gram og den Svenske forsvarsministeren Pål Jonson på grensen mellom Finland, Norge og Sverige. For første gang i historien skal fienden i øvelsen, finske og svenske styrker, forsøke å 'invadere' Norge, når grenseovergangen ved Valtakunnanraja rett nord for Kivilompolo i Finland skal krysses. Samtidig prøver lokale heiemvernsstyrker å beseire de profesjonelle styrkene fra US Navy. Over 20 000 norske og allierte soldater fra 13 land skal trene sammen på å forsvare Norden. Soldatene kommer fra Belgia, Canada, Danmark, Finland, Frankrike, Italia, Nederland, Norge, Spania, Storbritannia, Sverige, Tyskland og USA. Den norske militærøvelsen Cold Response har lang historie og finner sted i Nord-Norge hvert annet år. På grunn av NATO-utvidelsen med Finland og straks Sverige, er øvelsen blitt utvidet til et Nordic Response.Foto: Heiko Junge / NTB
Dåverande forsvarsminister i Noreg, Bjørn Arild Gram, saman med den finske forsvarsministeren Antti Häkkänen (t.v.) og den svenske forsvarsministeren Pål Jonson på grensa mellom Finland, Noreg og Sverige i 2024. Det var til sman 20.000 soldatar frå tretten land som øvde på å forsvare Norden.
Publisert

Vi har kome i ein situasjon som ingen kunne ha tenkt seg for berre få år sidan. Vår næraste allierte trugar rett og slett med å okkupere nordisk territorium. Ikkje eingong Sovjetunionen oppførte seg slik under den kalde krigen.

Heldigvis har dei nordiske landa vorte samla innanfor Nato, men situasjonen i Nato er labil med den nye politikken til USA. Nato har stått for demokrati, men når det viktigaste landet i organisasjonen er på veg bort frå demokratiet, kva då?

Eitt av svara på det må vera at demokratiske land finn saman. Alle dei nordiske landa har trygge demokrati, men dei må forsvarast, også militært. Det vi treng, er eit tett militært samarbeid der ingen har vetorett. Det kan bli ein realitet gjennom ein konføderasjon av sjølvstendige land med eit felles forsvar som ligg direkte under konføderasjonen.

Ståle Ulriksen, forskar ved sjøkrigsskulen, seier til Dag og Tid 9. januar 2026 at dei nordiske landa har ein ganske slagkraftig styrke andsynes Russland, som ikkje har store styrkar på våre breiddegradar. Og for min del vil eg leggje til at Russland er oppteke i Ukraina, og i den situasjonen ville det vera stikk i strid med russiske interesser å starte ein krig mot Norden. Vi kan enn så lenge kjenne oss trygge for russiske åtak, men med tanke på framtida må vi styrke forsvaret. Kan hende må vi balansere mellom udemokratiske regjeringar både i Russland og USA.

Ein nordisk konføderasjon treng ikkje femne meir enn forsvaret. EU omfattar ikkje forsvarspolitikken, slik at ulik tilknyting til unionen vil ikkje vera eit problem, kanskje til og med ein føremonn. Konføderasjonen vil også gjera sjølvstendet for Grønland og Færøyane lettare ved at dei to landa kan slutte seg til utan å gå vegen om Danmark. Tilsvarande ordning kan også vera mogleg for Åland. Kanskje endar vi opp med åtte nordiske nasjonar samla i ein konføderasjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement