Ein medisinsk pioner

Professor Alain Cribier (1945–2024), leiar for kardiologitenesta ved universitetssjukehuset i Rouen, fotografert i 2002.
Professor Alain Cribier (1945–2024), leiar for kardiologitenesta ved universitetssjukehuset i Rouen, fotografert i 2002.

Alain Cribier lét seg ikkje knekka av motstanden korkje frå kollegaer eller frå industrien.

Publisert Sist oppdatert

Dei fleste fekk nok med seg kong Haralds dramatiske ferietur med heimtransport i ambulansefly og deretter pacemaker-operasjon. Kongen hadde alt i 2005, 68 år gammal, gjennomgått ein større klaffeoperasjon der det vart sydd inn ein biologisk ventil mellom venstre hjartekammer og hovudpulsåra. Ein slik ventil har avgrensa levetid, og det viste seg etter 15 år også i kongens tilfelle.

For eit par tiår sidan hadde alternativet vore ein ny stor hjarteoperasjon, eit risikabelt prosjekt på ein eldre person.

I dag har vi eit alternativ, gjennom ei åre i lysken kan legen føra eit tynt kateter med ein samanfalda ventil, som så blir blåst opp med ein ballong i rett posisjon. Skånsamt for skrøpelege eldre, som kan vera på beina alt dagen etter, og utskrivast etter eit par dagar.

Det var nok langt færre som fekk med seg at han som utvikla denne teknikken – TAVI, med eit medisinsk uttrykk – professor Alain Cribier ved universitetssjukehuset i Rouen, døydde nyleg 79 år gammal. Ikkje berre kongen, men tre millionar andre over heile verda, har god grunn til å takka Alain Cribier for fleire år med god livskvalitet.

Professor Alain Cribier vart fødd i Paris i 1945, karrieren stod mellom musikk og medisin, han valde det siste, men kunne nok òg blitt ein dyktig pianist. Som spesialist i hjartesjukdommar såg han mange med alvorlege klaffefeil der ein hadde lite å stilla opp med. Han byrja å reflektera over om ein kunne hjelpa desse på ein meir skånsam måte enn ved open hjartekirurgi, var det mogleg å konstruera ein kunstig ventil som kunne førast inn gjennom blodårene?

Han møtte mykje motstand, det var ikkje teknisk mogeleg og uansett for risikabelt! Alain Cribier lét seg ikkje knekka av motstanden korkje frå kollegaer eller frå industrien.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement