Ein irrelevant faktafeilSØR-SUDANTERJE OSLONoregs første ambassadør i Sør-Sudan, Ingrid Ofstad, skreiv i førre Dag Tid eit innlegg der ho går ut mot analysen min av korleis djupe kulturelle konstruksjonar og dominerande verdsbilete og sjølvbilete under det

Skrifta på veggen i ein skule i Yei i Sør-Sudan.
Skrifta på veggen i ein skule i Yei i Sør-Sudan.
Publisert

Noregs første ambassadør i Sør-Sudan, Ingrid Ofstad, skreiv i førre Dag Tid eit innlegg der ho går ut mot analysen min av korleis djupe kulturelle konstruksjonar og dominerande verdsbilete og sjølvbilete under det internasjonale gjennombrotet har skapt historie i Noreg og i Sudan, og ikkje minst påverka evna nasjonen har til å reflektera over si eiga rolle. Det vil seia: Ho skriv eigenleg ikkje om denne analysen, men tek heller opp ting som ikkje står i artikkelen, som norsk Etiopia-politikk, eller omskriv kva som var norsk forhandlingsstrategi. (Ho skriv til dømes at Noreg gjekk inn for eit «inkluderande» (sic) Sudan i 2005, og pyntar på historia, blant anna analysen Noreg og Ofstad hadde av regjeringa i Khartoum, slik at det eigenleg ikkje er noko å reflektera kritisk over.)

Berre ein kommentar her: Ofstad tek opp eitt poeng som står i artikkelen. Ho hevdar at eg tek feil når eg skriv at Noreg har brukt rundt 15 milliardar på bistand til Sør-Sudan. Ho skriv at Noreg «berre» brukte 10 milliardar kroner, som om ikkje det er nok å gjere greie for bruken av!

Men i sitt forsøk på å undergrava resten av artikkelen, ved å ta meg i ein – for argumentet – irrelevant faktafeil, har ho framskaffa ei ny kjelde til korleis leiarskapen i det humanitær-politiske komplekset lykkast i å forhindre diskusjonar om kva dei har halde på med.

Med eit pennestrøk lèt ho vere å ta med kva som vart brukt mellom 1974 til 1985, då Noreg bygde opp det største distriktsutviklingsprogrammet nokosinne, og då det i fleire år budde over 100 nordmenn i Sør-Sudan, og Noreg via Kirkens Nødhjelp var største arbeidsgjevar i området. Ho skil ikkje mellom løyvingar og pengar brukt. (Det siste må sjølvsagt justerast for endringar i kroneverdi.) Ho inkluderer ikkje støtta departementet gav til naudhjelp til Afrika generelt eller til Afrika «Sør for Sahara», der ein ikkje ubetydeleg del av posten gjekk til Sør-Sudan. Ho overser ei rekkje med store innsamlingsaksjonar frå 1970-talet til i dag. Ja, ho reknar ikkje ein gong med utgiftene i UD over mange år til det omfattande Sudan-arbeidet i departementet, eller utgiftene til ambassaden (ein av dei finaste i Juba) ho var sjef for, og så bortetter. La det altså ikkje vere tvil om det: Mitt overslag er rett, hennar er feil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement