Ein intellektuell er ein som kan bortforklara det openberre

«Saman for republikken» står det på banneret som ordførar Vincent Jeanbrun og president i det franske senatet Gerard Larcher med fleire går bak til støtte for republikken og mot opptøyane i landet.
«Saman for republikken» står det på banneret som ordførar Vincent Jeanbrun og president i det franske senatet Gerard Larcher med fleire går bak til støtte for republikken og mot opptøyane i landet.
Publisert

Framifrå artikkel om kva som skjer i Frankrike, av professor Nicolaysen i Dag og Tid førre veke. Analysen er særs innsiktsgjevande. Det er «gettoiseringa av forstadane med forfall og utarming» som er hovudårsak til at me ser ein tilstand i frankarane sitt rike som ligg ein stad mellom opptøyar og borgarkrig.

Dei franske styresmaktene har sjølvsagt skylda for dette gjennom å tvinga dei fattige saman i stusslege bustadområde der det rår «ein jamt aukande desperasjon». Noko som ein i sin tur berre må venta fører til nasjonale gateopprør, der skular og bibliotek i tillegg til politistasjonar og ordførarheimar vert angripne og påtente i stor stil. Dette gjer styresmaktene trass i at dei så inderleg godt veit kva dei har å gjera om dei vil unngå meir av dette, for det er for lengst «grundig utgreidd» lèt Nicolaysen oss vita, sjølv om me ikkje får høyra eit ord om kva desse patente løysingane går ut på.

Alternativet er «kostbar oppbygging av statleg valdsmakt mot eige folk». Solid bakgrunn for eigne meiningar om vegen vidare, ja. Men i Frankrike er det den feile vegen som blir følgd, og dette er av di sosiale skilnadar «knapt har vore eit reelt tema i fransk politikk». Heller ikkje venstresida bryr seg om sosial utjamning, seier Nicolaysen. Frankrike har altså ikkje nokon velferdsstat? Det er knapt så det er trygder, ikkje noko gratis utdanning, folk må betale for all helsehjelp, det vert ikkje løyvd pengar til forstadane, n’ést-ce pas?

Rart at landet er ein magnet for innvandrarar frå fattige land, men Nicolaysen veit nok kva han snakkar om.

Det fine med denne analysen er at ein slepp å trekkje inn at Frankrike har Europas største muslimske folkesetnad, at dei – ulikt andre innvandrargrupper – held fast ved sin kultur og religion gjennom generasjonane, at denne kulturen og religionen står i rak motsetnad til dei franske republikanske verdiane og fransk kultur og levevis. At dette er ei kjelde til spenningar i samfunnet, vert analysert bort.

Ein kan òg, som Nicolaysen, sjå heilt bort frå at innvandringa til Frankrike – i stor mon frå Nord-Afrika og andre muslimske land – har lege på 200.000–300.000 årleg i mange år, talet er sett bort frå alle dei illegale. Immigrasjon har absolutt ikkje noko å seia for problema. Då veit me samtidig at det ikkje er noko å læra av dei franske erfaringane for oss i Noreg. Vi er jo ikkje elitære, vi har velferdsstat, vi brukar pengar på forstadane, på integrering, på å få alle med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement