Ein av dei beste Noreg har sett

Programleiar Fredrik Solvang i Debatten i NRK.
Programleiar Fredrik Solvang i Debatten i NRK.
Publisert

Andreas Hompland og underteikna er samde om ein ting. At Fredrik Solvangs Debatten er godt TV.

Med patos svingar Andreas Hompland den retoriske pisken i Sideblikk-spalta hos Dag og Tid. At Debatten sette fattigdom på dagsordenen og inviterte fattigfolk i studio, har falle den gamle radikalaren tungt for brystet.

Godt TV, men dårleg samfunnsdebatt, er dommen.

Då er vi i alle fall samde om at Debatten er godt TV. Eg meiner det var god samfunnsdebatt også, midt i innspurten av drøftingane av statsbudsjett.

Som SVs Audun Lysbakken observerte: Det var i Debattens-studio søkelyset skifta til opplevd fattigdom under innspurten av forhandlingane om årets statsbudsjett.

Men det å sette dagsorden er visst ikkje eit vesentleg kvalitetskriterium i Homplands karakterbok. Han er mest opptatt av «dramaturgi», fattige i studio gjer at politikarane er «dømt til å tape». Mens køane hos Frelsesarmeen blir lengre og prisane stig, må Homplands «hjelparar» fram med puta når vanlege folk inntar studio. Det er sosialpornografi som polariserer. Nokon vaksne i NRK må «griba inn».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement