Eigenproduserte fakta om samisk historieSamisk historieJon TodalKautokeinoUnni Jakobsen hadde eit innlegg om samisk historie i Dag og Tid for 23. mars. Dette innlegget er interessant lesnad først og fremst som døme på trenden med «alternative fakta» i samf
SSB gjev annakvart år ut ei årbok som dei kallar Samisk statistikk, den siste i rekkja kom ut i år. Dette kunne SSB knapt ha gjort om dei hadde meint at samane ikkje eksisterer på grunn av inngifte, skriv Jon Todal.
Unni Jakobsen hadde eit innlegg om samisk historie i Dag og Tid for 23. mars. Dette innlegget er interessant lesnad først og fremst som døme på trenden med «alternative fakta» i samfunnsdebattane. Jakobsen presenterer ei lang rekkje med opplagt urette faktapåstandar som det er meininga andre skal legge til grunn for vidare debatt. Namnet mitt vart nemnt i den samanhengen, difor kjenner eg eit visst ansvar for å koma med ein kommentar.
Jakobsen tek opp ei rekkje heilt ulike ting i innlegget sitt, og plassomsyn gjer at det blir umogleg kommentere alt. Det som bitt saman dei ulike avsnitta i innlegget, ser ut til å vera eit ønske om å avskrive samane som eit eige folk. For å få til dette presenterer ho altså ei lang rekkje faktum som ho har produsert sjølv.
Eg skal her kommentere berre eitt av alle dei «fakta» som ho legg fram, og eg kommenterer ikkje dette for å overtyde Unni Jakobsen om noko som helst, men for å vise andre kor meiningslaust det er å diskutere med folk som produserer sine eigne fakta.
Den raude tråden hos Unni Jakobsen er at det samiske folket eigentleg ikkje finst. I innlegget sitt i Dag og Tid tek ho mellom andre Statistisk sentralbyrå (SSB) til inntekt for dette synspunktet. Ho skriv at SSB allereie på 1930-talet gav opp å telja samar fordi det var umogleg. Og det var umogleg fordi samane gjerne gifte seg med andre enn samar. Ordrett skriv Unni Jakobsen: «Fra ca. 1930 sluttet SSB å angi etnisitet grunnet inngifte mellom samer og finner/kvener spesielt.» Stemmer denne påstanden om at SSB slutta å laga statistikk over samar i 1930?
SSB arrangerte folketeljing i Noreg i 1930, og her spurde dei folk om samisk tilknyting. Det var vanleg å halde folketeljing kvart tiande år, og det var såleis planlagt ei ny folketeljing i 1940. Folketeljinga i 1940 vart avlyst. Grunnen til avlysinga var ikkje «inngifte mellom samer og kvener», men at Tyskland hadde okkupert Noreg. Det vart difor halde ei folketeljing i 1946 i staden, etter at okkupasjonen var over. Deretter var det ei ny folketeljing på ordinært tidpunkt i 1950.
Ved den ordinære folketeljinga i 1950 vart folk igjen spurde om bruk av samisk språk og om samisk tilknyting. Unni Jakobsen sitt eigenproduserte faktum i Dag og Tid var, som vi har sett, at SSB ikkje har spurt folk om slikt etter 1930. Når eg her seier at Unni Jakobsen tek feil, byggjer eg på at eg sjølv har lese det folketeljingsskjemaet som vart sendt ut i 1950, og at eg har lese SSB sine eigne analysar av dei svara som byrået fekk inn på spørsmåla sine om samisk språk og samisk tilknyting det året.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.