Ei plage for sinnet
Vannkunsten i Bjørvika. Her bur eg, med Barcode bak meg som ein Lofotvegg, skriv Åsulv Edland.
Foto: Torstein Bøe / NTB
Arkitektur
Det har vore interessant å lesa artiklane om arkitektur der Ulf Andenæs går frå «Respekt for landskapet» til forbod mot tilpassing, og han sluttar med det mest alvorlege: «Ei plage for sinnet», som du kan lesa her. Skal vi oppfatte han rett, så kan det vel i verste fall tyde at arkitektoniske utformingar rett og slett kan føre til sjukdom på sinnet.
Når vi fylgjer med i ordskifta om ein del nye monumentale bygg, gjerne offentlege, så får vi inntrykk av at det går på helsa laus for ein del når dei ser styggedommen. Det meste omtalte bygget i nyare tid er det nye Munchmuseet som blir opna 22. oktober. Andenæs nemner det ikkje med eit ord i sine tre artiklar, men han brukar spalteplassen og eit stort foto på eit anna sterkt kritisert bygg, Nasjonalmuseet. Det har blitt bruka så sterke orde om desse to bygga at ein må tru det har gått på helsa laus for mange. Men kva hjelper det om Ulf Andenæs og vi andre (ikkje alle) skrik og ber oss? Arkitekten, juryen og politikarane vil ha det slik. Og då blir det slik.
Estetikk er eit vanskeleg framandord. Andenæs skriv om moderne bygg som kan vera som ein skulptur. Guggenheim-museet i Bilbao er som ein skulptur i rustfritt stål, imponerande og flott! Eg skulle ynskt at Munchmuseet hadde noko av det i seg. Men toget har gått. Siste året har eg budd nokre meter frå Munchmuseet i Bispevika, og eg har meldt meg inn i venneforeininga. Eg har ikkje tenkt å ergre meg over det bygget resten av livet.
Eg kom hit til Vannkunstens bygg i Bispevika våren 2020 frå Marienlyst, der eg har budd i over 20 år. Blokkane her er sterkt prega av ein annan arkitekt som Andenæs gjev brei omtale, den sveitsiske arkitekten Le Corbusier. På rad og rekkje ligg blokkane langsmed Kirkeveien frå Blindernveien og ned til Majorstuen. Desse store firkanta blokkane med 80 leilegheiter i kvar blokk blir sett på som ei av dei mest typiske utformingane etter Corbusier-stil. Blokkane blei bygde i 1938/39, om lag samtidig, og litt i same stil som det freda Kringkastingshuset. Det var fint å bu her. Alle leilegheitene hadde peis og eikeparkett (heil ved) på alle golv, og alle hadde kjøleskåp drive med gass frå anlegget i kjellaren.
I 2014 var eg på Guggenheim-museet i New York. Der var det ei ustilling om Le Corbusier, der det blei fortalt om hans nære kontakt med fascismen og nazismen, men det har ikkje vore til hinder for at han hadde stor arkitektonisk påverknad. Eg kan ikkje seia eg kjende noko nazistisk straumdrag då eg budde i ein av blokkane på Marienlyst, slik ein del meiner vi skal merke at Hamsun var nazist i alt han skreiv. Eg er usikker på om desse blokkane er bygde med respekt for landskapet. Avstanden herifrå til Sørenga, Bjørvika, Bispevika eller kva dei no kallar det, er stor i tid og rom. Her var ikkje noko særleg landskap å ha respekt for, og det mest verneverdige av bygningar er ruiner frå vår stolte middelalder. Her har dei bygt ein moderne bydel som vi ikkje har sett maken til her i landet, og framom Barcode ligg blant anna Vannkunsten, med åtte hus med møne der vegger og tak er dekte med skifer frå Oppdal. Og der bur eg. Det er det danske firmaet Tegnestuen Vandkunsten som har teikna hus som dei seier er inspirerte av norske gardstun. Og når eg spør om dei er Danmarks svar på Snøhetta, svarar dei: – Vi er meget bedre!
Mellom Barcode og Vannkunsten går Dronning Eufemias paradegate inspirert frå Middelalderen. Her bur eg, i Vannkunsten, med Barcode bak meg som ein Lofotvegg, ein enkel gut frå landet, der tømmerhusa med fjøs, loft og stove, alt i tømmer, låg etter kvarandre oppetter lia. Større kan ikkje avstanden bli. Eg burde vel blitt plaga på sinnet, men det er eg ikkje.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.