Politiske ressursar

Ei god omskriving av Rokkan?

Publisert

Eg skvatt i stolen og fekk kaffien i halsen då eg for to veker sidan las at min store helt Stein Rokkan ein gong skulle ha sagt at «penger teller, men ressurser avgjør». Sjølvsagt var det feil, slik Per Anders Todal vedgjekk sist veke under tittelen «Retting om Rokkan».

«Stemmer teller, men ressurser avgjør», skulle det sjølvsagt vere – i denne kanskje mest siterte one-liner-en i norsk samfunnsvitskapleg forsking nokosinne. Men samstundes fekk feilen hjå Todal meg til å tenke på om han faktisk hadde eit poeng.

Me har vore gjennom ein valkamp der pengegåver til dei politiske partia har vore mykje diskutert, og etter valet skal det bli spanande å sjå om nokon klarer å finne ut om slike gåver har hatt nokon avgjerande effekt på resultata.

Eg trur kanskje ikkje det. I alle høve ikkje om me samanliknar kva partia har fått ut av desse pengane, med dei ressursane dei eventuelt har klart å mobilisere i det redaktør Svein Gjerdåker sist veke kalla «det mauraktige arbeidet som trengst på alle frontar for å sikra eit godt og opplyst ordskifte».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement