Ei anna historie

Publisert

Dag og Tid (veke 25) omtalar den nye medikamentelle behandlinga av fedme idet dei erkjenner at ho kan endre verda og kulturen vår («Store pengar i tomme magar»). Det gjer all medisinsk behandling. Vi arbeider med «lim på fingrane» fordi vi endrar folks oppfatning av seg sjølv og forventningane til livet, behandlarane og velferdsstaten.

Medisinen behandlar ikkje berre sjukdom. Han skapar og sel sjukdom. Det kallast sjukdoms høkerverksemd (disease mongering på engelsk). Fedme er ikkje noko unntak. Dei som interesserer seg for korleis «krigen mot fedme» vart ein akseptert folkehelsestrategi gjennom selektiv forskingsformidling, «viral spreiing» av motemeiningar og alliansar mellom akademi og slanke- og medisinalindustri, finn nyttig stoff i boka The End of the Obesity Epidemic.

Samanhengen mellom vekt og sjukdom er kompleks. Når ein kontrollerer for fysisk aktivitet, sosioøkonomiske faktorar, stigmatisering, utanforskap og andre risikofaktorar, vert samanhengen svak. Fortolking av epidemiologiske studiar er alltid vanskeleg. Kontrollerte eksperimentelle studiar syner at slanking fører til mindre førekomst av diabetes type 2, men dette kan ein òg oppnå ved auka fysisk aktivitet. Slanking fører til reduksjon av risikofaktorar knytte til metabolsk syndrom (risikotilstand for diabetes type 2), men påverkar ikkje sjukelegheit og dødelegheit av hjartesjukdom. Sjukelegheit og dødelegheit vert reduserte ved auka fysisk aktivitet, men dette er først og fremst dokumentert på pasientar som har hatt hjarteinfarkt. Eit sunt og allsidig middelhavskosthald reduserer sjukelegheit og dødelegheit både hos folk som har gjennomgått hjartesjukdom, og hos dei utan.

Dei nye medisinane endrar folks oppfatning av seg sjølv og endrar forventningane til at det finst ytre løysingar på det som er eit resultat av kulturelt formidla sjølvmerksemd, sjølvmisnøye og kroppsfokus. Epidemiologiske studiar syner slike samanhengar. Det finst eit godt alternativ i ein folkehelsestrategi som vi kan kalle «helse uansett storleik» (health at every size). Den byggjer på aksept for medmenneske i alle storleikar og på sjølvaksept og sjølvmedkjensle. Her rår ein til å ete med tillit til at kroppen veit når han er svolten og når han er mett. Vi kan glede oss over smakar og lukter og ete med godt samvit.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement