Egoisme frå ytre venstresida
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
«Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv!» skreiv ein gong Arnulf Øverland. Dette er verdiar som på dagens venstreside openbert er daude.
Det er ei stor glede å sjå at Finland og Sverige har gått inn for å søkja om Nato-medlemskap, og det er med stor iver eg ser fram til at dei også vert fullverdige medlemer i nær framtid. Finsk og svensk medlemskap gagnar tryggleiken i heile Norden godt. Det vil leggja til rette for auka samarbeid og koordinering av øvingar og eit større samarbeid når det gjeld infrastruktur. Det legg også til rette for at me i enno større grad kan læra av Finland og ta med deira erfaringar no som me omsider skal rusta opp vårt eige forsvar.
Den tryggingspolitiske situasjonen som verda no står i, er prekær. Russland sin aggresjon har vist kor viktig det er å ikkje stå åleine, og kor viktig det er å ha allierte i kampen mot diktatura. Den tryggingspolitiske situasjonen er faktisk så alvorleg at til og med «Noreg ut av Nato»-partia SV og Raudt har sagt at sjølv om dei enno vil melda Noreg ut av Nato, så vil dei ikkje gjera det no.
Dess meir stygt og usolidarisk vert det då når Raudt varslar at dei i Stortinget har tenkt å røysta mot finsk og svensk medlemskap i Nato. Med dette presterer Raudt i praksis å seia at den tryggingspolitiske situasjonen tilseier at me treng hjelp til å forsvara oss gjennom fellesskap, samstundes som dei varslar at dei vil nekta å la Finland og Sverige søkja det same vernet som me sjølv nyt så godt av.