Å, ja, eg er vel det; i 58 år har eg tapt alle voteringar med knappast mogeleg margin, kona si dobbeltstemme avgjer alltid. I det siste har det gått opp for meg at eg høyrer til ein av dei etniske minoritetane i Noreg, kvenane.
Anane til far min var alle nordfjordingar, dei fleste frå Lote, Hennebygda og Andenes, men med ei mor frå Alta kjem det eit tilsig av forfedrar frå mange kantar, med ein majoritet av finsktalande frå Finland og Tornedalen i Sverige. Så kven; ja, med mine rundt 40 prosent har eg vel rett til å kalle meg det. No har denne mykje omtalte kommisjonen arbeidd i fem år for å få fram sanninga om kor ille desse anane mine, mellom mange andre, hadde det. Med ei from von om forsoning mellom etterkommarane av stakkarane og storsamfunnet.
Eg blir ikkje rørt over denne gesten, eg treng han ikkje. Det gjer heller ikkje dei som kviler i grava, dei bryr seg ikkje stort og søv fredeleg vidare. Det var ikkje staten aleine som tok frå dei det finske morsmålet, dei kom sjølve fram til at dei var norske borgarar, og at dei måtte bruke norsk som hovudspråk.
Generasjonen til mor mi, fødd tidleg på 1900-talet, lærte aldri morsmålet til faren, tornedalsfinsk. Tippoldefar Thomas i Tappeluft tilhøyrde ei anna grein av slekta; han var etterkommar av dei første kvenane i Alta, dei som kom dit litt før og litt etter år 1700. Han gifta seg med ei norsk kvinne, slik at oldefar Andreas Martin og hans søsken nok ikkje lærte finsk i heimen.
Alle dei finsktalande anane mine rømde frå uår og sveltihel i Kittilä, Muonioniska, Kaulinranta, Kaunisvaara og Revonsaari ved Viborg. Dei kom til eit land der alt strevet gav dei nok å leve av. Sjølv gav dei tilbake med kunnskapen dei hadde om jordbruk, skogbruk, bygningsarbeid og elvefiske. Og dei var snare med å tilpasse seg det nye landet, dei arbeidde i koppargruvene i Kåfjord i Alta og Kvænangen, dei var ettertrakta fangstfolk på ishavet, og dei vart føregangsmenn i fisket både i fjordane og på Lofoten.
Berre ein ting gjer meg arg: min snille morfar blei overvakt fordi han kunne vere ein potensiell fare for rikets sikkerheit; styresmaktene hadde fått det for seg at kvenane ville stø ei mogleg utviding av Finland i nord. Tankane om eit Stor-Finland var ikkje finsk utanrikspolitikk. Dei kom frå Lappo-rørsla, ein antikommunistisk terrororganisasjon som prøvde å stanse forsoningspolitikken i Finland etter borgarkrigen i 1918. Mildt sagt var den norske forsvarspolitikken retta mot «den finske fare» ein overreaksjon. Ein skamplett er meir dekkande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.