Dyr og vanskeleg argumentasjon
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Energi
«Vi skal gå frå ei energiform som tradisjonelt har vore billeg og stabil, fossil energi, til energi som ofte er dyr og stort sett alltid ustabil, vind og sol.» Skriv Jon Hustad i førre Dag og Tid.
Litt faktasjekking på økonomi først:
Brent-oljeprisen er ca. 85 amerikanske dollar per fat. Energiprisen frå råolja blir då ca. 50 øre per kWh. Energiprisen for ferdige produkt blir mykje høgare.
Gassprisen på den nederlandske marknaden er ca. 42 euro per MWh, råvareprisen for gasskraft vert då ca. 47 øre per kWh – gasskraft kostar då minst 100 øre per kWh å produsere.
Hornsea 3: Botnfast havvind. Ørsted fekk tilslag på 59 øre per kWh i 2022. Problem på grunn av kostnadsauke som har lite direkte med teknologien å gjere. Ørsted vil ha skattelette for å sikre prosjektet.
Hornsea 2: Botnfast havvind. 1.3 GW effekt, i full produksjon frå 2022. Ørsted (DONG) fekk tilslag i 2017 på ein pris som svarer til ca. 100 øre per kWh i dag. Vindparken produserer 4.5–5 TWh per år. Verdsett til 6 milliardar britiske pund i 2022–23, då Ørsted selde 50 prosent for 3 milliardar. Det blir ca. 59.5 millionar kroner per MW.
Hywind Tampen: Flytande havvind. 94.6 GW effekt, i produksjon frå november 2022. Kosta 6.5 milliardar kroner. Prisen per MW blir då 68.7 millionar kroner per MW.
Havvind er for tida billegare enn gasskraft. Vi får tru det ikkje vil halde fram, men landvinden har hatt ei læringskurve som gjer at han i dag er billegare enn gasskraft i dei fleste situasjonar. Og læringskurva til flytande havvind blir svært interessant å sjå, om nokre år. Hywind i Skottland reduserte kostnadane per MW med 70 prosent i høve til prototypen ved Karmøy, og Hywind Tampen, som er ein småskala parkprototyp (Hornsea 2 er ca 14 gonger større), reduserte ytterlegare 40 prosent.
Det som er utruleg, er at Hywind Tampen kostar berre ca. 15 prosent meir per MW enn marknaden si verdsetting av Hornsea 2. Rett nok god kraftpris i Hornsea 2, men så høg verdsetting?
«Ikkje lønsamt». Det interessante er om eller når det kan bli lønsamt. I kva for retning peikar den raskt aukande prosjektmengda i flytande vindkraft? USA-prosjektet The Floating Offshore Wind Energy Shot treng ikkje nå kostnadsmålet om 45 øre per kWh i 2035 for å vere ein suksess – det held fint at ein er på god veg dit.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Einsidig om seinfølger
Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar
Katja Oskamp er fødd i Leipzig og voks opp i Berlin. Ho studerte teatervitskap og arbeidde som teaterregissør før ho vart forfattar.
Foto: Paula Winkler
«Oskamps aksept og varme smittar, og vi les med interesse om inngrodde neglar og hammartær.»
Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.
Foto: Svein Gjerdåker
Dag og Tid-kua Ameline er daud
Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.
Kjønnsfilosof Judith Butler
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Feltnotat frå kulturkrigane
Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt.
Klagemodus
Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?