Dugleik før danning – men plass til begge delar NorskfagetEspen TørsetOrkdal Eg har tru på at norskfaget også i framtida blir bra. Det er rett å redusere nokre av kjerneelementa i faget for å gi betre rom for djupnelæring.
Eg har tru på at norskfaget også i framtida blir bra. Det er rett å redusere nokre av kjerneelementa i faget for å gi betre rom for djupnelæring.
Ingvil Brügger Budal er ei av fleire som har kritisert forslaget til nye kjernelement i norskfaget med at dette er ein nedtur for faget, og at det no kan bli mindre danning for elevane. Det er ikkje eg einig i.
Ja, danning er viktig. Vi som er norsklærarar, har eit særleg ansvar for å vidareformidle norsk litteraturhistorie og språkhistorie. Vi har ei viktig rolle i å gjere elevane glade i vår litterære kanon, men samstundes skal vi klare å gjere elevane i stand til å ta imot den danninga som mange her etterspør. Det er ikkje berre å hoppe inn i ein litterær klassikar om eleven ikkje er rusta for det. Dette veit sjølvsagt norsklærarane våre, som meir enn gjerne introduserer ungdommane for vår ypparste litteratur når tida er moden. Først må dugleiken på plass.
Det kan vere enkelt å stå utanfor og kritisere skole, undervisning og lærarar for ikkje å ta danninga på alvor. Ingen er ueinige i at norske ungdommar skal ha kjennskap til våre litterære klassikarar, men vi som held til i klasserommet om dagane, veit at ikkje alle elevane er klare for å konsumere denne litteraturen på ungdomsskolen og kanskje heller ikkje på vidaregåande. Det er ein lang veg fram dit. For at ein elev skal kunne få noko som helst ut av å lese Snorre eller Ibsen, må han eller ho vere lesekunnig. Dugleik i lesing og skriving tar tid, og eg meiner dei nye kjerneelementa tar høgde for nettopp det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.