Dufta av kvantekaffi
«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»
President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Teknologi
Det var med stor glede eg såg at Dag og Tid publiserte ein spanande artikkel om gryande kvanteteknologi 13. desember Potensialet i teknologien er tungt underkommunisert, så det er på høg tid at vi får opp augo og kjenner kaffilukta, som dei seier, også her på berget.
Og det var gledeleg å sjå at også regjeringa har kjent kaffilukta og lovd 70 millionar kroner per år framover til forsking på ny kvanteteknologi. Vi på OsloMet hadde gleda av å vere vertskap for Karianne Tung, Oddmund Hoel og Bjørn Arild Gram då dei nyleg delte denne glade bodskapen.
Sidan vi snakkar om teknologi som kan kome til å endre verda, er det viktig at fleire enn fagfolk veit noko om kva det går i. Dufta av kvantekaffi må nå fleire. Men det kan vere vanskeleg å finne ein god balanse når ein skal forklare ikkje-intuitive kvantefenomen. Kanskje må ein kompromisse med kva som er presist, eller rett, når ein skal gjere kvanteverda forståeleg. Forklaringa på kva samanfiltring er, i den nemnde Dag og Tid-artikkelen, viser dette.
Samtidig er kvanteverda for viktig – og for vakker – til ikkje å prøve. Så når vi kan lese at «Skal vi vere ærlege, vil nok dei færraste av oss nokon gong forstå avansert kvanteteknologi», synest eg dette blir for passivt.
Men haldninga er lett å forstå. Og vi som sit i akademiske elfenbeinstårn, skal ta vår del av skulda. Det kan sjå ut som at kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk, at kvanteverda berre er synleg for dei opplyste som har 60 mattepoeng, minst.
På OsloMet prøver vi å utfordre tradisjonen som seier at kvanteinnsikt berre er matematikk-kompetente til del. Det gjer vi mellom anna ved å tilby eit etter- og vidareutdanningskurs mynta på vaksne som kan mangle studiepoeng i matematikk, men som har nyfikne.
Det er fasinerande at ei verd full av abstrakte, rare fenomen – ting som ikkje liknar det minste på den verda vi ser til dagleg – skal danne grunnlaget for praktisk teknologi. I artikkelen blir teknologien omtala slik: «Kvanteteknologi omfattar kvantesensorar, kvantekommunikasjon og kvantedatamaskinar.» Det er rett, men kvanteteknologi er så mykje meir. Og han er ikkje ny. Han er nesten like gamal som kvantefysikken sjølv – han feirar 100 år neste år. Og kvanteteknologien er overalt.
Då laseren blei funnen opp, i 1960, blei han kalla «ei løysing på jakt etter eit problem å løyse». No skal det ikkje så mykje fantasi til for å finne døme på løysingar: lyd og bilde, sensorar, fiberoptikk, kirurgi… MR-teknologi, rein kvanteteknologi, lar oss sjå innsida av pasientar utan kirurgi. Kjernefysisk energiproduksjon er i vinden. Og tildelinga av Nobels fredspris i år var ei viktig, men trist påminning om kor veldig, veldig gale det kan gå.
Kvantefysikk og -kjemi dannar mykje av grunnlaget for kjemisk industri, farmasi og halvleiarteknologi, som transistorar og (vanlege) datamaskiner baserer seg på. Når det blir sagt at «Kvanteteknologien står (…) på skuldrene til mikrobrikkeindustrien», kan ein nok langt på veg påstå det motsette også.
Artikkelen til Christiane Jordheim Larsen peikar – med rette – på farane ved at ei kvantedatamaskin vil kunne brukast til å knekke kryptering vi har rekna for å vere trygg. Heldigvis lukkast ho og dei ho intervjuar, med å få fram at kvantedatamaskiner – kombinert med smarte kvantealgoritmar – også har kraft i seg til å løyse globale problem, ikkje berre skape dei. Optimering innan logistikk og produksjon blir nemnd som eit godt og relevant eksempel av Terje Nilsen frå Kongsberg Gruppen.
Det er grunn til å tru at mange heftige optimeringsproblem innan for eksempel maskinlæring, kjemi og energiproduksjon – problem som er altfor tunge for vanlege datamaskiner – kan løysast effektivt og presist på ei kvantedatamaskin om nokre år. Store, uhandterlege utrekningar innan teoretisk forsking, vêrmelding og klimamodellering kan kanskje handterast likevel om ikkje så altfor lenge. Datamengder av heilt andre dimensjonar enn før kan lagrast og prosesserast – vonleg utan å måtte bruke dei enorme energimengdene vi ser i dag.
Som Marianne Etzelmüller Bathen ved Universitetet i Oslo forklarer på føredømeleg edrueleg vis: Potensialet er stort. Kvanteteknologi kan komme til å forandre verda. Igjen. Vi kan skimte konturane av det som blir kalla den andre kvanterevolusjonen, som godt kan komme til å endre verda meir enn den første.
Det aleine er grunn god nok til at dufta av nytrakta kvantekaffi burde nå fleire enn dei spesielt interesserte.
Sølve Selstø er professor i fysikk ved OsloMet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.