Du fylgde meg på vegen
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Du fylgde meg på vegen
Opna leet
Til stien ut
Gardsvegen
til slettene
svingane
Bakkane opp til
Heiene og fjella
Over breane
tindane
Vi nådde skyene
I lag
Vi dreiv med vindane
gjennom romet.
Vi var Himmelen
Og helsa på Gud
Og forlet Paradiset
Fyld av Kjærleik.
– Trudde vi
Så kom vi
til grinda mi
brått sto eg innafor
du kom ikkje lenger
du fann ikkje stø for
føtene dine
Ikkje ei hand å fylgje
Ikkje ein veg å gå
Til mitt hus,
mi seng
Det var ikkje ditt
Vi tala ulikt mål
Som vi sjølve
ikkje skjøna
Eg såg ikkje lenger
andletet ditt
Ikkje eingong
konturane av deg
kroppen din løyste seg opp
og forsvann i skodde
Eg vende heim til einsemda
Fann att det eg gjekk ifrå
La meg til kvile
Der eg sto opp
Og der eg drøymde
– OM DEG.