JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Dritpakke frå Dag og Tid?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3004
20230428
3004
20230428

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Det samiske

Det er ei stund til jul. Dag og Tid har likevel pakka ein drittpakke til det samiske samfunnet. Med journalisten Morten Strøksnes som julenisse har det samiske demokratiet (Sametinget), samiske næringar (reindrifta) og den delen av det samiske samfunnet som gjev seg til kjenne som samar (sameaktivistar), fått sine pass påskrivne over tre episodar.

Væpna med omtrentlegheiter, insinuasjonar, halvsanningar og ein stor dose tendensiøs utlegging av materiale gjev Dag og Tid-nissen seg trøystig i veg. Essayforma kan vere høveleg for den typen åtak. Då kan avisa tenkje «skitt au» om vanlege forventingar som etterrettelegheit, konsistens, saklegheit og slike normer som kan kome i vegen.

Andre har alt peika på at innhaldet i Dag og Tids pakke ikkje held mål. Noko er illeluktande, og mykje har gått ut på dato.

Og eg fekk mitt pass påskrive i del tre. To synder har eg gjort.

Synd 1: Eg har peika på at NRKs podkastserie om Samenes historie som NRK annonserte skulle presentere samane sitt perspektiv, at serien nesten var heilt samefri når det gjaldt innhaldsleverandørar. Dag og Tid prøver å gjere dette til ein diskusjon om personen Einar Niemi. Dette er ein invitasjon eg tidlegare har takka nei til, og det bør ikkje vere noka overrasking at eg heller ikkje denne gongen vil bli med på den typen gjørmeklin. Eg står fast på at viss NRK annonserer noko, bør produktet innehalde det NRK har annonsert.

Synd 2: Dag og Tid nemner mitt essay i boka Catnosat. The Sámi Pavilion, Indigenous Art, Knowledge and Sovereignty. Essayet dreier seg om korleis ein kan strukturere rovkulturens møte med byttekulturen. Kva element eit slikt møte har, og korleis dramaturgien er.

Det er uklart kva som er gale med å bruke ein metafor slik eg gjer for å strukturere eit resonnement, men i Dag og Tids karakteristikk av meg som «sameaktivist» ligg det tydelegvis eit forsøk på «fy-fy» konnotasjon der. Intensjonen er sikkert ikkje å gjere meg glad, likevel blir eg det. Med smil om munn lovar eg hermed å halde fram med å vere irriterrande synleg og syndig for det blikket som Dag og Tid anlegg.

Til no har eg ikkje tenkt på Dag og Tid som eit samefiendtleg medium. Tvert imot hugsar eg dei innsiktsfulle, saklege gode artiklane frå Alta-tida, og har hatt stor glede av avisa også i tida etterpå. Difor stiller eg meg spørsmålet om «tiraden» er uttrykk for eit linjeskifte og at Dag og Tid heretter må betraktast på linje med EDL – den «sameskeptiske» organisasjonen, Nordlys og dei mørkare cellene av Framstegspartiet. Er denne «pakken» eit uttrykk for at redaksjonens trollmann har vore ute, og at ein illojal læregut har kasta seg på tastaturet og ført avisa i vanry?

Dersom ikkje avisa på leiarplass er eksplisitt på kva dei står for i høve til det samiske samfunnet, er det etter denne tekstserien vanskeleg å kategorisere Dag og Tid som anna enn eit av dei samefiendtlege media i Noreg.

Ánde Somby er førsteamanuensis i juss ved UiT Noregs arktiske universitet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis