Draumkvede i SetesdalSOGEROLAV M. HOLENBYKLEI oktober i år gav Bokbyen forlag i Tvedestrand ut to bøker med tittelen

Publisert

I oktober i år gav Bokbyen forlag i Tvedestrand ut to bøker med tittelen Meir gamalt or Sætesdal II og III. Bøkene byggjer på soger og utgreiingar av Torleiv Aakre (1880–1972) frå Valle i Setesdal. Desse stod i aviser og blad, serleg i bondepartiavisa Agder Tidend, frå byrjinga av 1900-talet, og til langt ut på 1950-talet. Dette kan ein sjå på som eit tillegg til Skars Gamalt or Sætesdal, difor den pretensiøse tittelen.

Her kan ein lese om to personar i Valle som kunne Draumkvede. Desse sogene er samla og tilrettelagde av Olav M. Holen og Kjell Erik Guddal.

Alle veit at Draumkvede er funne i Telemark. Eg hev tala med folk med god kjennskap til draumkvede-tradisjonen, som seier at Draumkvede, eller fragment av det, ikkje er funne utanfor Telemark.

I 1873 fekk Johannes Skar, på oppdrag frå Landstad, eit lite privat stipend for å leite etter Draumkvede i Setesdal. Reisa var ikkje så vellukka som dei hadde vona. Grunnen var nok at han leita i nedre del av dalen. Men Skar skjøna likevel at i Setesdal var det mykje interessant tradisjonsstoff å finne. Han kom attende året etter, og han vart buande i dalen mesteparten av livet. Resultatet vart storverket Meir gamalt or Sætesdal, som kom ut i åtte band frå 1903 til 1916, det året han døydde.

Skar fann ikkje restar etter Draumkvede i Setesdal, men det gjorde Torleiv Aakre. I desse artiklane av Torleiv Aakre, som stod i Agder Tidend, er Draumkvede nemnt to gonger. Det kan såleis ikkje vere nokon som helst tvil om at der var folk i Setesdal som kunne det så seint som i siste halvår av 1800-talet.

I Meir gamalt or Sætesdal II er det eit avsnitt på side 26 som heiter Slarve-Vilborg. Skar skreiv òg ein god del om henne, særskilt om dei stridane ho hadde med presten Gjellebøl, som hadde nekta henne nattverden. Men Torleiv Aakre hadde meir å fortelje om henne. Trass i det nedsetjande namnet – ho gjekk og bad seg (tigga) – var ho ei uvanleg klok kvinne som kunne lese og var heilt hol etter kunnskap. Ho kunne ei mengde med viser og soger, og sjølv dikta ho au.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement