Draumen om Ukraina

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Eg vakna i natt av ein merkeleg draum.

Ei røyst frå jorda sin understraum:

Er eg fordømd? Ukraina blør!

Røysta ho seier: Du må ikkje sove!

Du må ikkje sove og tru det er drøymt –

Me veit ikkje kvifor me ligg her og ventar –

kva land som vert neste, og kven som dei krenkjar.

Me klagar vår naud, for me vil her vere,

kan de no ingen ting meir for oss gjere….

De ser det på fjernsyn, de ser det som hender.

Kvi trur de at alt til det beste seg vender?

De vonar at ikkje det verste skal skje –

dei oss med atomvåpen trugar i kne.

Me lengtar til fridomen ein gong få att:

Du må ikkje sove, meir i natt!

At bjørnen sin tanngard imot oss vender –

og då at det verste oss alle hender.

Verda har gløymt oss, me er av dykk svikne –

som utturka blomar du snart ser vil blikne.

Slik broderfolk ikkje kvar andre kan gjerast

med makta å bruke, til dei å tenast.

Du må ikkje sjå i ditt rekneskap –

og tenkje på kva der gjev vinning og tap.

Du må ikkje sjå over dal og hei –

og slik berre tenkje: stakkars dei –

og ikkje tole så hjarteleg godt

at andre vert drepne med egg og odd.

Som diktaren byd, berre gå i oss sjølve –

og finne deg svar kvi du ligg der og syvjar.

Du må ikkje skulde på åker og fe,

og tru du har meir enn nok med det!

Eg ropar med seinste pust av mi røyst –

Du må ikkje tru alt i morgon er gløymt!

Tilgje dei ikkje, dei veit kva dei gjer –

dei pustar på vondskapens gloande glør!

Dette er ikkje vår vilje og mål –

å døy mellom asfalt, betong og stål.

Dei ønskjer å drukne oss alle i blod!

Trur du det ikkje? Du veit det no!

Draumen meg seier, der er for seint –

Eg skjøna det ikkje, var dette slik meint?

Min dom er rettferdig, mi straff er fortent –

du trudde på siger, eg trudde på fred –

på arbeid, på samhald, på kjærlegheit.

Kven som ikkje vil døy i ein flokk, er dei.

Eg roper i mørkret: det einaste å gjere –

stå skulder ved skulder, vårt redningsland vere.

Din fridom er gjeven, vår fridom på borg –

Ukraina i fare, dei sprengde vårt torg.

Verje meg, du, med di frie hand!

Frels dine born! Europa i brann!

Eg skaka av frost og fekk på meg klede –

ute var glitrande stjernevêret.

Og Ukrainas sjel ho frys og skjelv –

der folki døyr når bomber fell.

Berre ei ulmande stripe i aust –

varsla at helvete no var laust.

Eg tenkte: No er det noko som hender –

at alle som ein seg mot slaktaren vender!

Dagen bakanfor jorda si rand –

steig med eit skjær av blod og brann.

Steig med ein otte så andelaus

at det var som om sjølve stjønnene fraus!