Eg lèt att augo
fyller nasen med luft
lufta har oska
frå borna
som nett brann
medan dei flykta
eller kanskje
gav opp,
for å flykta
går ikkje lenger an.
Dei berre er der
i eit inferno
lèt kanskje flammane
sluka seg rå
utan ord.
For dei har allereie døydd
så mange gonger.
Dei lever
i helvete
på jord.
Eg høyrer tonar
frå ei trøystelaus
gravferd
ein seremoni
som ingen held.
Eg pustar inn
dei umisselege borna
oska svertar
men tenner òg
min eld.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.