Donald Trump og Andrew Jackson

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.
Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Så har presidentkandidat Donald Trump endeleg fått sin første dom. Skuldig på alle punkt. Lese opp i amerikansk rett med stor sans for drama, detaljar og alvor.

Den eine veka står Trump fram på fjernsyn som ihuga bibellesar, med oppmoding til amerikanarane om å be meir og oftare, «to make America great again». Den andre veka får han dom mellom anna for ein avtale han skal ha inngått med ei pornofilmstjerne som har fått ei bøtte med pengar for å halde munn. Etterpå seier han til alle som høyrer på, at domen mot han berre er løgn og fanteri. Han står fast på at han er utan skuld og rein som eit barn. Utruleg.

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet til haustens val, kandidat for det som ein gong var Abraham Lincolns parti. Det verkar totalt absurd. Liksom stormen mot kongressbygget var det i januar 2021. Mange meiner nok at dette er noko heilt nytt i amerikansk politisk soge.

Sjølv har Trump meint at han er på same linje som Andrew Jackson, som var president frå 1829 til 1837. Truleg er det ein eller fleire av medarbeidarane hans som har peika på dette for han. Trump sjølv kjente knapt godt nok til amerikansk historie til å kunne tenkje ut ei slik line. I alle fall hadde han eit portrett av Jackson på sentral plass over pulten sin i Det kvite huset i den tida han var der.

Jackson var som kjent slaveeigar og skandaløst korttenkt i sin politikk mot indianarane. Han tok del i krigen mot britane i 1812.

Professor Sigmund Skard (1903–1995), vår store amerikanist, opplevde ikkje Trump. Om Skard hadde sett storminga av Kongressen i 2021, ville han knapt ha trudd det. Men etter det han skreiv om innsettinga av president Jackson i sitt kapittel om amerikansk realisme i Verdens Litteraturhistorie (bind 8, Oslo: 1972, s. 374–474), hadde han nok vore betre rusta enn dei fleste av oss til å tolke det som hende?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement