JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Domenetap for norsk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2763
20230519
2763
20230519

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Språk

Engelsk blir ikkje lenger definert som framandspråk i Noreg. Tolking frå engelsk til norsk kjem ikkje på tale i noko forum. Talar føredraghaldaren og liknande engelsk, får møtelyden retta seg etter det. Engelsk har fått herrefolkstatus av di dei som har det som morsmål, får eit overtak. Det er lettare å formulera tankane sine på eige morsmål.

Det er no fritt fram for å førelesa på engelsk på universiteta, og oppgåvene kan studentane gjerne skriva på det språket. Prosenten av dei som skriv meisteroppgåva på engelsk, aukar stendig, og han er no høgare enn for norsk.

Ein tur nedover Thorvald Meyers gate i Oslo vitnar om domenetapet. I tillegg til engelske namn på verksemder fortel plakatar om: «Sale», og ein får oppmodingar som «Please wait to be seated» og «Please do not litter» – om ein då berre hadde skjøna kva «litter» er for noko.

Det er fare for at dei tilsette ikkje skjønar norsk. Mange austeuropearar er vortne svært så gode i engelsk etter at dei kom til Noreg, men norsken er det skralt med. Ein kan undrast på om det er gått så langt at bokmål ikkje lenger er sidestilt med engelsk, men underordna. Nynorsk har vori det lenge. I skulen er engelsk eit basisfag tillikes med matematikk og norsk. I andre klasse på yrkesfaglege liner har dei no to timar i veka med norsk og tre med engelsk. Dessutan finst der skular/klasser der engelsk er opplæringsmålet også for norske elevar.

Den reelle stoda for dei tre språka som er mest i bruk som morsmål på det europeiske kontinentet, nemleg tysk, fransk (og russisk) speglar seg i alle fall ikkje lenger att i det norske skulesystemet. Tidlegare hadde ein god og grundig tyskundervisning (ikkje minst i realskulen) og obligatorisk fransk i gymnaset. Dagens turistar frå kontinentet oppdagar snøgt at nordmenn kan og vil berre tala engelsk.

I si tid overtok dansk her i landet utan større motstand. Den same haldninga ser ut til å råda i dag, men no er det engelsk det gjeld. Språket kryp inn over alt også i daglegtalen: Ein meiner, tykkjer, synest, trur ikkje noko lenger, no tenker og føler ein at. Ein adresserer ikke berre eit brev, men også ein person. Fleirtal kjem i staden for eintal: De ristet på hodene sine, i livene våre. For den yngre generasjonen og journalistar går det i bal med sin og hans/deres av di engelsk ikkje skil.

Er det ikkje på tide ein stiller seg desse spørsmåla:

1. Kor stor er innverknaden frå engelsk/angloamerikansk på norsk språk i dag? Kan og bør noko gjerast for å minska denne innverknaden? Er det uheldig at engelsk er vorti eit basisfag i norsk skule? Undervurderer ein nytta av å kunna andre internasjonale språk?

2. Kor stort er domenetapet for norsk (ikkje minst bokmål) på universiteta og i forretningslivet?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis