Distriktsopprør grunna BY OG BYGDTrygve StangeDet norske distriktsopprøret vi ser i dag, handlar om noko heilt anna enn distriktsopprøret i til dømes Frankrike og USA. Det handlar om retten til gode og nære tenester.

Heimevernet står i fare for å bli rasert, skriv Trygve Slagsvold Vedum.
Heimevernet står i fare for å bli rasert, skriv Trygve Slagsvold Vedum.
Publisert

Det norske distriktsopprøret vi ser i dag, handlar om noko heilt anna enn distriktsopprøret i til dømes Frankrike og USA. Det handlar om retten til gode og nære tenester.

Skal ein forstå den politiske utviklinga i eit land, må ein sjå nærare på kvart einskilt land. Frankrike og USA har begge særeigne grunnar for det som har skjedd politisk den siste tida. Det har Noreg også. Ei av særeigenheitene her i landet dei siste fire åra er at regjeringa har gjennomført sentraliserande reformer i nær sagt alle deler av offentleg sektor.

Om ein skal oppsummere den blåblå regjeringa med eitt ord, må det bli «sentralisering». Med god hjelp frå støttepartia har dei lagt ned lensmannskontor og tvangssamanslått kommunar. Statlege arbeidsplassar forsvinn frå distrikta i rekordfart, og heimevernet står i fare for å bli rasert.

Det er ikkje høgrepopulisme eller framandfrykt, men den sentraliserande politikken den blåblå regjeringa har ført, som er grunnen til at heilt vanlege innbyggjarar over heile landet no har fått nok. Då skulle det vel også berre mangle om ikkje innbyggjarar landet over seier tydeleg ifrå når dei ser at deira lokalsamfunn kjem tapande ut gong på gong.

Motstanden mot sentralisering handlar om moglegheita til å leve gode liv der folk bur, også utanfor byane. Stadig ser vi eksempel i media på kor gale det kunne gått om lokalsjukehuset ikkje hadde vore der. Når minutta tel, og vêr og vind gjer at fly og ambulansehelikopter ikkje kan lette, er vi heilt avhengige av lokalsjukehus med fullverdige tenester kring om i heile landet. Når Senterpartiet står på lokalbefolkninga si side og påpeikar forskjellsbehandlinga og skeivfordelinga av tenester, gode og like moglegheiter kring om i heile landet, er ikkje det for å skape splid mellom by og bygd. Det er å peike på problema regjeringa skapar for norske bygder og distrikt.

Det er farleg når fleire forsøker å samanlikne det politiske biletet i Noreg med til dømes USA og Frankrike. Det å teikne eit bilete av at dei som tilhøyrer bygdene og distrikta i Noreg som lågt utdanna høgrepopulistar som ikkje veit sitt eige beste, er rett og slett verken spesielt riktig eller konstruktivt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement