JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Distriktsjordbruk utan framtidstru

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2589
20240105
2589
20240105

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Omstilling

Omstilling har blitt sentralt omdreiingspunkt også i jordbruksdebatten. Rådande politikk utløyser sentralisering og nedlegging. Nedleggingstakten ligg på snautt ein prosent per år, eller snautt eitt bruk i gjennomsnitt kvar dag. Registrerte bruk i drift er komne ned på om lag 35.000.

Resultatet av slik trend er eit distriktsjordbruk som blør og blir tømt for rekruttar og framtidstru. Noko som slett ikkje er i tråd med overordna politisk mål om matproduksjon i heile landet. Dette er eit mål som kviler på brei semje, men der praktisk politikk i staden stimulerer til utvikling i motsett lei. I dag fungerer målet som kosmetisk pynt utan gjennomsyringskraft. Slik kan me ikkje ha det i småbrukarlandet Noreg.

Med andre ord: for å koma i takt med vedteken målsetjing må det omstilling til. Det vil krevja tøffe politiske prioriteringar. Slik lyt det vera i dette landet der berre eit politisk styrt jordbruk kan sikra den matproduksjonen frå nord til sør som me ynskjer.

Om me så ser inn i glaskula på leit etter framtidsjordbruket me ynskjer oss, kva ser me då?

Då ser me framom alt eit jordbruk i samsvar med vedtekne mål og som på same tid maktar å koma rådande samfunnstrendar i møte. Det vil seia at motpolar i debatten lyt krypa opp or skyttargravene. Raudt kjøt og grønt må finna leveleg balansepunkt til liks med dei som heiar på ulv eller sau.

Me ser framtida formast gjennom konstruktive kompromiss, ikkje gjennom fastlåste og konfliktfylte posisjonar. Me opplever eit offensivt jordbruk i høve til vedtekne miljøkrav, men utan å forlata grunnplanken med basis i fotosyntese og naturlege biologiske prosessar der karbonfangst og lagring blir naturleg del av drifta. På ein gard blir omgrepet berekraft meiningsfullt gjennom det å ta vare på, føra vidare og ikkje bryta ned.

Berekraftsomgrepet blir derimot lett tømt i det industriprega jordbruket der effektivitet og stordrift er viktige drivkrefter, og der artsbortfall og nedskalering av fotosyntesen er del av porteføljen og med gjeldsbør fleire gonger større enn innteningsevna.

Landet vårt utgjer ein liten marknad. Ein føresetnad for velfungerande jordbruk med matproduksjon i heile landet er difor ein folkesetnad som ser det viktige og nødvendige i å kjøpa og eta norskprodusert mat. Vegen dit synest lang. Endå me bruker historisk lite av kjøpekrafta vår på matkjøp, dreier mykje av matdiskursen seg om den dyre norske maten.

Difor ligg kanskje den viktigaste omstillinga for norsk jordbruk i det å vekkja opinionen og få han til å glø for norsk mat.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis