Digitaliseringa av den norske kulturarven må ikkje reverserast
Samarbeidsnemnda for norrøn filologi ser med stor uro på det planlagde kuttet i det nasjonale digitale Nettbiblioteket (nb.no). I media ser me at det er meininga å stryka 100.000 av 240.000 titlar. Vert dette gjennomført, vil det vera eit alvorleg atterslag for forsking og anna arbeid med tekster på norsk. Då Nettbiblioteket kom, var det eit uvurderleg framsteg. Brått kunne ein med nokre tastetrykk finna fram til mesteparten av titlane som var skrivne om eit visst emne på norsk, eller verta klar over at lite eller ingen ting var skrive om temaet.
Me ser at kuttet i mindre grad skal råka oss institusjonstilsette forskarar, fordi innsparinga ligg i Kopinor-utbetalingane, og desse forskarane er fåe. Likevel vil kuttet vera til stor ulempe for studentane våre, og det er alvorleg òg at tilgangen for ålmenta vert strøypt. Det er berre eit fåtal av dei som forskar på og skriv om norske historiske emne i mellom anna biografiar, tidsskrift og lokalhistoriske publikasjonar, som er tilknytte offentlege institusjonar. At bøkene vil kunna lånast i fysisk form, er ikkje noka trøyst, når det er høvet til å søkja automatisk, i heile korpuset, som er den store føremonen eit digitalt tekstarkiv har.
Noreg er verdsleiande på digitalisering av eigen litteratur. Då er det heilt bakvendt om store delar av litteraturen som er tilgjengeleg i digital form, skal gjerast utilgjengeleg for mesteparten av folket. I ein situasjon der språket vårt er pressa av engelsk, er eit slikt tilbakesteg det siste me treng.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.