JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Digitaliseringa av den norske kulturarven må ikkje reverserast

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2066
20230825
2066
20230825

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Kultur

Samarbeidsnemnda for norrøn filologi ser med stor uro på det planlagde kuttet i det nasjonale digitale Nettbiblioteket (nb.no). I media ser me at det er meininga å stryka 100.000 av 240.000 titlar. Vert dette gjennomført, vil det vera eit alvorleg atterslag for forsking og anna arbeid med tekster på norsk. Då Nettbiblioteket kom, var det eit uvurderleg framsteg. Brått kunne ein med nokre tastetrykk finna fram til mesteparten av titlane som var skrivne om eit visst emne på norsk, eller verta klar over at lite eller ingen ting var skrive om temaet.

Me ser at kuttet i mindre grad skal råka oss institusjonstilsette forskarar, fordi innsparinga ligg i Kopinor-utbetalingane, og desse forskarane er fåe. Likevel vil kuttet vera til stor ulempe for studentane våre, og det er alvorleg òg at tilgangen for ålmenta vert strøypt. Det er berre eit fåtal av dei som forskar på og skriv om norske historiske emne i mellom anna biografiar, tidsskrift og lokalhistoriske publikasjonar, som er tilknytte offentlege institusjonar. At bøkene vil kunna lånast i fysisk form, er ikkje noka trøyst, når det er høvet til å søkja automatisk, i heile korpuset, som er den store føremonen eit digitalt tekstarkiv har.

Noreg er verdsleiande på digitalisering av eigen litteratur. Då er det heilt bakvendt om store delar av litteraturen som er tilgjengeleg i digital form, skal gjerast utilgjengeleg for mesteparten av folket. I ein situasjon der språket vårt er pressa av engelsk, er eit slikt tilbakesteg det siste me treng.

Me bed styremaktene finna ei ordning som kan få Nasjonalbiblioteket ut av det økonomiske uføret som salet av bygningen til biblioteket i Oslo har skapt, slik at den digitaliserte norske kulturarven framleis kan vera tilgjengeleg for heile folket.

For Samarbeidsnemnda
for norrøn filologi

Klaus Johan Myrvoll, leiar

Samarbeidsnemnda for norrøn filologi er ei samanslutning av forskarar innanfor emnet norrøn filologi ved åtte (p.t.) norske universitet og høgskular.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis