Digitalisering og naivitet
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Dag og Tid har 5. august eit intervju med professor i sosialmedisin ved NTNU Steinar Krokstad. Han ser med uro på ein studie som «peikar på sterk auke i angst- og depresjonssymptom blant unge». Og han klarer ikkje å frikjenna digitaliseringa: «unge veks opp i ei heilt ny verd. Frå rundt 2010 får teknologigantane eit grep om den yngre befolkninga gjennom appar, medium og plattformer».
Naiviteten har vore ein fylgjesvein her. Eg hugsar ein valkamp – eg trur det må ha vore føre stortingsvalet i 2009 – eit sutlaust mantra frå nær sagt heile det politiske spekteret: «Meir data i skulen!» Utan særleg tanke for kva dette kunne få å seia for læringssituasjonen, og som om denne teknologien var nøytral.
Den motsetnadsfylte digitale kvardagen kjenner me alle, også me som er godt vaksne. Eit udramatisk døme: Her om dagen fekk eg i posten ein faktura frå ein straumleverandør som hadde gått under min radar. Dei ville ha 7900 kroner for perioden 14. juli – 1. september. Eg vart mistenksam, og frykta instinktivt at her var det freistnad på svindel. Etter mykje kav fekk eg til slutt snakka med eit levande menneske hjå den gamle leverandøren. Ho kunne fortelja at dei no var kjøpte opp av det nye selskapet, og «dei fakturerer annleis, kanskje er det forskot for eit halvt år». Eg er viljug til å betala, men vil vita kva det går til. Eg prøvde å ringja dei nye, men fånyttes. Så fann eg e-postadressa deira, og eg bad om ei forklaring. Det gjekk bortimot ei veke utan at eg høyrte noko, så eg purra. Ein automat bad meg halda opp med dette, for «da øker vår saksmengde»(!).
Mange Dag og Tid-lesarar har sikkert tilsvarande røynsler på ulike område. Me vert ikkje akkurat sjuke av dette på den måten som professor Krokstad talar om. Men det er utriveleg, stel tid og er det motsette av forenkling. Iallfall for oss kundar.
Den digitale revolusjonen handlar også om heilt fundamentale spørsmål på makronivå: Hacking har på få år vorte eit skummelt utanrikspolitisk verkemiddel. Dei militære snakkar i fullt alvor om cyberforsvar som ei fjerde våpengrein, i tillegg til hær, marine og luftforsvar. Utskjelling på sosiale media (som her er klårt antisosiale) trugar politisk deltaking og debatt. Ulik datakunnskap fører til nye klasseskilje. Og mange menneske vert avhengige, noko som teknologiselskapa utnyttar.
Når eg talar med vanlege folk, ordlegg ein del seg som om dei eigentleg kunne ønskja å bli kvitt alt saman. Og kanskje kan me framover få «antidigitale fråhaldsrørsler»? Men for dei fleste er det ikkje praktisk mogeleg. Av og til må me berre inn i nettbanken. Eller tinga togbillettar.
Brukt med vet kan sjølvsagt dei digitale verktøya verka til det gode, og det skjer. Men skuggesidene trengjer seg på. Den digitale revolusjonen har sigla under prestisjeflagg som framsteg og teknologisk utvikling. Saman med ein naivitet som me ikkje kan tillata oss på andre område av samfunnslivet. Det undrar meg at ikkje fleire skrik opp.