Dialektarroganse
Christian Borch.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Dialektarroganse er eit plagsamt fenomen i NRK, seier medieveteranen Christian Borch. Kor ille plaga måtte vera for han og meiningsfelagar veit eg ikkje, men det er grunn til å meine at ho langt frå er på nivå med ei plage bygdefolk har møtt til alle tider: Frons urbana! Store Norsk Leksikon gjev denne tydinga: «Frons urbana betyr bymessig utseende eller bymessig sikkerhet i opptreden.»
Opplevd er det monaleg sterkare: Det åndelege hovmod byfolk møter bygdefolk med. Arne Garborg skildrar godt korleis Daniel Braut opplever dette i romanen Bondestudentar (1883). I relativt nær fortid lyste hybelvertar i Oslo ut rom med denne tilleggsteksta: «Ikke nordlending.» Eg kjenner til ei ung jente frå Hedmark som søkte arbeid som servitør i Oslo. Eit vilkår for tilsetjing var å leggje av talemålet sitt.
Sjølv gjekk eg delar av grunnskulen i Asker og blei mobbeobjekt på grunn av raulandsmålet mitt. Vanleg reaksjon i slike høve er å bli tvospråkleg, eller bidialektal på fint. Eg valde i staden å reagere med fysisk motstand og greidde å banke dei verste plageåndene. Ikkje at eg var så sterk, men eg hadde ei god sak! Om resultatet blei positivt, vil eg likevel ikkje tilrå tilsvarande framferd som generell strategi for Noregs Mållag.
Utløysande for reaksjonen til urbanisten Borch er programmedarbeidaren Lars Os og talemålet hans frå Nord-Østerdalen. Serleg spørjeordet kessen ser han som eit problem, jamvel om han likevel høyrest ut til å ha oppfatta tydinga, «hvordan», på heimedansk. Dette ordet har elles ei rad med former i norske målføre, korleis, kålest, hoss(i), hossleis, (h)åssen og altså kessen. Lett skjønelege, vil eg seia, om ordet i seg sjølv kan verke framandt fyrste gong ein høyrer det, vil ein med godvilje og fatteevne på normalnivå skjøne tydinga av samanhengen.
Dialektbruk er eit problem for nye landsmenn, seier Borch. Skal me tilpasse oss dei, eller dei til oss?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.