Medisin

Diabetes er ingen livsstilssjukdom

Ozempic blir brukt til behandling av diabetes type 2.
Publisert Sist oppdatert

Det var interessant og lærerikt å lese Haldor Slettebøs artikkel om hormon i Dag og Tid 28. mars, særleg når han skriv dette om diabetes type 2: «Type 2 er ein livsstilssjukdom, knytt til overvekt og fysisk inaktivitet».

Forklaringa kan vere at han er spesialist i nevrokirurgi, og ikkje endokrinolog/hormonspesialist. Ifølgje både Helse Noreg, Store norske medisinske leksikon og Diabetesforbundet er diabetes type 2 genetisk og arveleg, og medisinsk ekspertise har slutta å bruke det stigmatiserande uttrykket «livsstilssjukdom», som kan oppfattast som at diabetes type 2 er sjølvpåført.

Det er hardt arbeid å leve med ein kronisk sjukdom, og denne typen nedsnakking frå helsepersonell trengst ikkje. Mange med diabetes type 2 er både slanke og fysisk aktive, også idet diagnosen vert stilt. Ville Haldor Slettebø brukt uttrykket «livsstilssjukdom» om lungekreft? Eller gonoré? Og korleis ville han ha omtala den livsviktige medisinen til desse pasientgruppene?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement