Det skriftfesta akademiske fagspråket

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I eit svar på artikkelen «Språkveggen mellom forsking og samfunn» skriv prorektor Tor Grande i Dag og Tid 29. oktober om NTNUs arbeid med norsk språk og om fagspråk og formidling meir allment. Grande fortel at NTNU skal revidere dei språkpolitiske retningslinjene ved universitetet. Han signaliserer at det vil vere eit godt høve for NTNU til å lage rutinar for arbeid med norsk fagspråk.
Grande drøftar òg om engelskspråklege doktoravhandlingar skrivne i Noreg bør ha samandrag og nøkkelordliste på norsk. Han meiner det er uheldig å avgrense formidling til å handle primært om samandrag og nøkkelordlister i avhandlingar, og hevdar at «kronikkskriving, foredrag på grendehus, skolar, twitter og litteraturhus» nok set «større fotavtrykk».
Visst er allmennretta formidling, slik Grande gjev døme på, viktig for at kunnskap skal nå ut til samfunnet. Men samandrag og nøkkelordlister i avhandlingar er ikkje det same som allmennretta formidling. Å samanfatte vitskaplege resultat på norsk og å utarbeide norske nøkkelordlister er aktivitetar som kan bidra til å byggje grunnmuren i det norske fagspråket. Tilfanget av fagspesifikke ord og uttrykk (terminologi) aukar, og vi får eit større repertoar av tekstar som er utvikla på premissane til faget (og ikkje er underlagde normene som gjeld i massemedia eller i populærvitskapen). Dette kan vi kalle det skriftfesta akademiske fagspråket. Det er dette fagspråket som må stå i sentrum for det lovpålagde arbeidet universiteta og høgskulane skal drive for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk.
Det skriftfesta akademiske fagspråket er naudsynt for at norsk skal vere eit effektivt verktøy i utvekslinga av spesialisert kunnskap. Det trengst òg for at norske studentar skal kunne utvikle ein fagleg identitet med utgangspunkt i sitt eige morsmål, og for at tilsette i offentleg forvaltning skal kunne skrive faglege utgreiingar utan å (berre) måtte stø seg på engelske kjeldetekstar. Vidare er det viktig for at politikarar skal kunne ta avgjerder på eit fagleg godt opplyst grunnlag, og for at alle andre som blir inspirerte av ein kronikk, eit føredrag eller ei populærvitskapleg framstilling, skal kunne finne meir avansert informasjon om emnet på norsk. Dersom viktig kunnskap berre er tilgjengeleg for dei som har lang utdanning og er gode i engelsk, har vi eit demokratisk problem.
Det er eit overordna språkpolitisk mål at norsk skal vere hovudspråk i det norske samfunnet. I forarbeida til den norske universitets- og høgskulelova heiter det at «universiteter og høyskoler må bidra til at det blir utviklet nye termer på norsk, både bokmål og nynorsk, i takt med (…) import av ny engelskspråklig terminologi». Slik skal sektoren bidra til at norsk er eit fullverdig språk. Å starte terminologiarbeidet ved kunnskapsfronten, til dømes i arbeidet med ei doktoravhandling, er mykje meir effektivt enn å prøve å innføre norske termar etter at dei engelske har byrja å feste seg.
Også det allmennretta norske formidlingsspråket blir smidigare og rikare om det kan nytte element frå eit fullverdig akademisk fagspråk. Dersom det akademiske fagspråket forvitrar, til dømes ved at det manglar ord for sentrale omgrep, vil det smitte over på den allmennretta formidlinga.
Språkrådet oppmodar NTNU om å utvikle ein språkpolitikk som tek omsyn til at ikkje alt formidlingsarbeid er med på å byggje naudsynt og tilgjengeleg norsk fagspråk. Språkpolitikken bør løfte det skriftfesta akademiske norske fagspråket fram som sjølve grunnlaget for formidling av kunnskap til det norske samfunnet.