JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Det selektive raseriet til venstresida

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4021
20240112
4021
20240112

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Krig

Kvifor var så mange pro-palestinske aktivistar på venstresida tause då det syriske regimet og dets russiske allierte drap sivile syrarar frå lufta?

Ifølgje Syrian Network for Human Rights så har over 230.000 sivile vorte drepne i Syria-krigen. Over 30.000 av desse var barn. Bashar al-Assads regjeringsstyrkar, saman med russiske allierte, har vore ansvarleg for over 90 prosent av drapa på sivile. Bileta av døde lemlesta sivile og fullstendig utbomba byar har vore lett tilgjengelege, men storparten av aktivistane på venstresida har likevel vore tause.

I eit intervju i 2014 vart forfattaren og dissidenten Yassin Al Haj Saleh spurt om kva den vestlege venstresida «best kunne gjera for å visa solidariteten sin med den syriske revolusjonen» mot regimet til Assad. Saleh svarte: «Eg er redd det er for seint for venstresida i Vesten å uttrykkja noko som helst slags solidaritet med syrarane i den ekstremt harde kampen deira. Det eg alltid syntest var forbløffande i dette sambandet, er at vestlege venstreorienterte nesten ikkje veit noko om Syria, deira samfunn, regime, folk, og samtidshistorie. Sjeldan har eg funne noko nyttig informasjon i analysane deira. Inntrykket mitt er at dei rett og slett ikkje ser oss; det handlar ikkje om oss syrarar i det heile. Syria er berre eit ekstra høve til dei gamle antiimperialistiske tiradane deira, aldri det ekte temaet for debatten.»

Venstresida, især ytre venstre, var stillteiande vitne til den grufulle bombinga til Assad-regimet av syriske byar. Syrarar venta forgjeves på at samvitet til den vestlege venstresida skulle bli emosjonelt ramma av råskapen til Assad-regimet, men sjansane for at venstresida ville engasjera seg på vegner av det syriske folket, var eigentleg ikkje til stades. Dei engasjerte seg i Irak-krigen, men ikkje i særleg stor grad for den etniske reinsinga i det tidlegare Jugoslavia. Finst det eit mønster for kva krigar aktivistane på venstresida lèt seg engasjera av? Assad-regimets og Russlands bombing av syriske sivile avslørte noko bak ytre venstresidas «fromheit».

Viss venstresida i Vesten blir gripen til raseri av luftangrep i Gaza og Bagdad, kvifor vart den urørt av synet av syriske lik og totalt øydelagde bustadblokker i Aleppo, Hama, Deraa, Homs, Mostar eller Mariupol? Det var ikkje noko sinne når bomber og rakettar målretta vart sende mot sivilbefolkning, sjukehus eller redningsarbeidarar.

Journalisten Sharif Nashashibi skreiv i 2016, under den arabiske våren, ein artikkel der han hevda at solidaritet hos mange «rettenkjande» på venstresida avheng av kven folket gjorde opprør mot. Venstresida sitt svar på den arabiske våren var ganske enkelt basert på om dei oppfatta diktatura som vart utfordra, som anti-vestlege eller ikkje. Slik sett var revolusjonane mot pro-vestlege regime i Tunisia og Egypt legitime, medan dei ikkje var det i Libya og Syria. Den palestinske saka ser ut til å representera ei plattform for venstresida til å få utløp for den selektive antiimperialistiske forarginga si. Ein kan ikkje hevda å kjempa for menneskerettar viss det i store trekk avheng av identiteten til gjerningsmennene og offera, eller av ideologi, identitet og politikk. Har offera ulike verdiar baserte på kven mordarane deira er?

Problemet med eit anti-imperialistisk realpolitisk verdsbilete er at ein berre ser for seg politiske leiarar og nasjonar i eit geopolitisk sjakkspel. Statane sjølv er i sentrum av den politiske analysen deira. Då handlar det ikkje om syrarar eller ukrainarar lenger. For syrarar sjølv så var hovudfienden heime i Syria, ikkje på det geopolitiske sjakkbrettet.

Til slutt: Ved søk på Facebook, Twitter/X og Google fann eg ut, ikkje overraskande, at mange av dei som har vore mest vokale under noverande krig på Gaza, som til dømes Sofia Rana, Mads Gilbert, Hanne Lossius, Guro Sibeko, Magdi og Noor Jdid, aldri på noko tidspunkt har fordømt eller kommentert noko omkring Assads (eller Russlands) bombing av sivilbefolkninga i Syria.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis