Det kyrkjelege hamskiftet

Publisert Sist oppdatert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Det bur ikkje lenger prestar, utnemnde av Kongen, på dei gamle og oftast staselege landsens prestegardar, det står ikkje lenger menn i svarte kjolar med pipekrage høgt oppe i preikestoltønnene, inne i altarringen eller på kanten av opne graver, og ser på si gjerning som ei heilag teneste dei er kalla til av Gud, det kjem ingen alvorstyngd sokneprest og bankar på døra i huset der læraren bur saman med tausa si, for å oppmoda dei til å verta rette ektefolk og gode føredøme på kristeleg liv og livnad. Dei gamle salmeversa vert ikkje lenger lærte utanboks på skulen og oftast heller ikkje sungne i kyrkja, ord om omvending til Jesus, om frelse og fortaping, om den breie og den smale vegen, er «fåhøyrd segn» frå preikestolane. Få i sokna veit kva deira eigen sokneprest heiter. Den religionen som rådde grunnen då eg vaks opp, er heilt borte no. Me gjekk ikkje ofte til gudsteneste den gongen heller, dei fleste av oss, men kyrkja låg på ein høg stad, ho hadde sin plass i medvitet, med eit alvor me ikkje kjende trong til nett no, men som kunne koma vel med når me vart gamle og skulle døy. Me levde i eit ordna univers, i alle høve utanfor dei store byane. Den spreke Tor Obrestad var den fyrste eg visste om som var utmeld or statskyrkja.

No bur prestane som folk flest, og det er kvinnene som har teke over, både som biskopar og prestar. Dei ser på tenesta si som ein «jobb», med vel regulert arbeidstid, og heilt utan referansar til dei tenesteideala som vert forkynte i Det nye testamentet. Så seint som på 1960-talet laut ein prest slutta i tenesta av di han som fråskild gifta seg opp att. No kan dei leva i alle dei samlivsvariantane som finst på menyen, og det er minst like mange skilsmisser og attgifte blant prestar som i folket elles. Det kristne familieidealet er gravlagt, dei bibelske retningslinene for kristenlivet gjort til spott og spe. Noko av det fyrste kvinnefleirtalet i bispekollegiet fekk gjennomført, var å senda ut ei biskoppeleg bøn om orsaking for den motstanden embetsbrørne deira tidlegare hadde vist mot fosterdrapslovene.

På 1970-talet innførte biskop Aarflot (han var hovudmannen bak reforma) den såkalla «rådsstrukturen», som gjorde slutt på den gamle embetskyrkja og gav makta over til «lekfolket», ein ideologisk konstruksjon som ikkje opna for kyrkjeleg folkestyre, men for eit oppsvulma kyrkjeleg byråkrati, der ikkje få hadde lite teologisk kunnskap og låg ålmennkulturell danning, men ein sterk vilje til makt. Dette førte til ei marginalisering av dei personane og miljøa som både åndeleg, intellektuelt og kunstnarleg hadde mest å tilføra kyrkja. Dermed var det fritt fram for smakløysa på alle felt, frå kyrkjebygg utan kulturell forankring i kyrkjeleg tradisjon til heimesnekra liturgiar. Mange prestar har også slutta å forkynna evangeliet i bibelsk forstand. Den nye biskopen i Borg tala i si fyrste preike om klimatrusselen, om diskriminering i arbeidslivet, om innvandring og «moderne slaveri», om vanskar for «funksjonshemma», om at me laut lytta til «samer, kvener og mennesker med LHBTQ+-identitet». Kort sagt: Wesenlunds feriebiskop Kjartan Fjertnes kunne ikkje ha vore meir «up to date». Elles er «menneskerettar» eit ord desse nytalarane lett tek i munnen, men dei gjer alltid eit politisk korrekt hopp over den fyrste og grunnleggjande: retten til liv.

«Takhøgd» vart det store slagordet for kyrkjelege framsteg, utan tanke på at eit høgt tak lyt haldast oppe av eit solid fundament. Det vart ei takhøgd i lause lufta. Gale ville det ha gått uansett, for kristendomen taper terreng i heile den vestlege verda. Men statistikkane syner likevel at det har gått ekstra gale i Den norske kyrkja. Mange kristne har flykta, nokre til Den katolske eller den Nordisk-katolske kyrkja, nokre til lutherske frikyrkjer, men dei fleste til bedehusa, som mange stader er vortne sjølvstendige kyrkjelydar med eiga sakramentsforvalting, der kristentrua framleis vert forkynt på eit bibelsk fundament.

Rune Slagstad gav støyten til ei rekkje interessante artiklar her i avisa om det han med det kjende uttrykket frå Inge Krokann kalla eit kyrkjeleg «hamskifte», før han oppsummerte det heile til «den sosialdemokratiske kyrkja». Både han sjølv og fleire andre i artikkelserien tyktest applaudera denne utviklinga, sjølv om han vedgår at ho har ei «til dels diffus teologisk forankring». Det er for mildt sagt. Ho har inga teologisk forankring. Bibelsk sett er kyrkja «Kristi lekam» i verda, og går ho gjennom eit hamskifte, vert ho usynleg som Kristi lekam. Då gjer ho seg sjølv irrelevant, for ho er ikkje her for å fortelja folk kva dei skal meina om ditt og datt, men for å hjelpa dei fram til ei frelsande tru på Gud. Det er ingen tvil om kva namn dei gamle pipekrageprestane ville ha gjeve dette «hamskiftet»: Det er eit fråfall frå trua, eit fråfall det finst mange åtvaringar mot i Bibelen. Men i denne nye kyrkja, som somme kallar eit «underbruk av SV», har Bibelen lite å stilla opp mot sjølve saka, som er kvinnesaka. Kyrkja er avkristna innanfrå, meir effektivt enn om ytre forfylgjarar skulle ha gjort det. Ho har no ein ham som ikkje er liv laga. Om verda står om hundre år, og folket ikkje finn vegen attende til røtene sine, kan det godt tenkjast at mange av kyrkjene her i landet vil vera tømde for alt som minner om kristentru, og ha retninga mot Mekka markert på den eine veggen. Kan henda er det slik gudstrua vil overleva i Noreg.