Det Kreml seier, og det dei gjer
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Då filosofen Bertrand Russell vart beden om å gje råd til kommande generasjonar, sa han: «Sjå eine og aleine på det som er fakta.» At dette er eit godt råd er krigen i Ukraina eit sørgjeleg godt døme på. Kremls propaganda er full av alle slags historier. Skal vi forstå krigen, må vi ta utgangspunkt i fakta og freiste å skrelle bort lag på lag av propaganda. Det dei russiske leiarane seier, er ikkje det same som det dei gjer.
Tre modellar blir ofte løfta fram når ein skal forstå krigen. Ofte blir det hevda at Russland gjekk til åtak på Ukraina som svar på Natos utviding mot aust. Nøktern analyse av fakta gjev ikkje mykje støtte til denne ideen. For det fyrste har ikkje grensa til Nato flytta seg mykje austover i perioden fram mot åtaket i februar i år. At Montenegro vart medlem i 2017 og Nord-Makedonia i 2020, kan neppe oppfattast som eit trugsmål mot Russland. For det andre er det vanskeleg å sjå for seg at den russiske presidenten ville ta sjansen på å invadere Ukraina, dersom han trudde Nato ville gripe inn.
Modell nummer to går ut på at krigen handlar om å attreise Russlands imperium og ta revansje for at Sovjetunionen «tapte» den kalde krigen. Dette har meir for seg. Tankesettet til den russiske presidenten vart forma i sovjettida, då han jobba som KGB-agent. Det er god grunn til å tru at den eldre garden blant Russlands leiarar oppfattar slutten av den kalde krigen som eit «tap». Sett i dette perspektivet kan krigen tolkast som eit forsøk på ta tilbake landområde som dei russiske leiarane meiner «eigentleg» høyrer til Russland. Sett frå Kreml er det den sterkaste sin rett som gjeld. Internasjonal rett og respekt for grensene til suverene statar er ikkje noko dei russiske leiarane bryr seg om.
Ein tredje modell går ut på at den russiske presidenten ønskte å betre sin eigen popularitet i den russiske folkesetnaden. Det er mykje som taler for at dette har noko for seg. For totalitære regime er det ingenting som er viktigare enn å halde på makta. Har landet ytre fiendar, sluttar folk flest opp om leiaren. Etter annekteringa av Krym i 2014 skaut til dømes presidentens popularitet i vêret. Den lite vellukka handsaminga av koronapandemien i Russland, der folk flest viste liten tillit til styresmaktene og ikkje ville vaksinere seg, gjorde presidenten upopulær. President Putin kan ha trudd at ein blitskrig i Ukraina ville rette opp inntrykket av ein svak og lite handlekraftig president og gjere han til helt på heimebane. At blitskrigen vart til ei hengjemyr, er ei anna sak.
Når vi set dei tre forståingsmodellane opp mot kvarandre, er det to ting vi må ha klårt for oss. For det fyrste er ikkje modellane gjensidig ekskluderande. Det er mogleg at dei russiske leiarane både er redde for Nato, vil ha revansje for den kalde krigen og vil betre populariteten sin på heimebane. For det andre må vi ta inn over oss at det er vanskeleg å seie noko heilt sikkert. Vi kan ikkje ta for god fisk det dei russiske leiarane seier, og det dei gjer, kan ofte tolkast på ulike måtar. Men eitt faktum er heilt udiskutabelt. Krigen i Ukraina er ein illegitim åtakskrig, og det er ingen tvil om kven som starta.