Det kjønnsnøytrale språket
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I siste Dag og Tid (nr. 3, 21. januar) blir Helene Uri intervjua om det moderne kjønnsnøytrale språket, der hen og dei framstår som alternative pronomen. Hen begynner alt å bli etablert; dei er ein engelsk import, sidan they der i visse miljø blir brukt som kjønnsnøytralt eintalspronomen.
Her skurrar det litt alt i ingressen på Uri-intervjuet: «Fleire og fleire nyttar alternative pronomen som ’dei’ og ’hen’ om seg sjølv.» For det gjer dei vel ikkje? Poenget med pronomen i tredje person er at dei i typiske tilfelle (dvs. dei fleste tilfelle) blir nytta om folk som ikkje er til stades og ikkje høyrer pronomenet brukt om seg sjølv. Når dei vil omtale seg sjølv, vil dei (reknar eg med) halde seg til eg, jeg, I osv. Det er hundre prosent kjønnsnøytralt, i alle språk som nordmenn flest kan rekne med å kome i kontakt med. Det gjeld også du, you osv. om dei ein snakkar til.
Når det gjeld tredje person, vil problema fortone seg ulikt frå språk til språk. Eg kan ikkje sjå anna enn at det blir eit problem at t.d. dei er «opptatt» med ein annan funksjon, som fleirtalsmarkør. I bokmål er dette litt ekstra komplisert. Der heiter det de – dem. Og der er det jo ein tradisjon for å tiltale folk ein vil vere høfleg mot med nettopp De – Dem. Kan ein så utvide desse pronomena til å bli tredje person eintal, altså frå tredje person fleirtal over høfleg andre person eintal til tredje person eintal om visse personar – og bli rett forstått i alle situasjonar? På nynorsk er det enklare, den høflege tiltalen (som få bruker) er der eintydig andre person (De – Dykk). Men å bruke dei om éin person vil vel sitte langt inne også der.
Når det gjeld hen, som vi har importert frå svensk og svenskane truleg frå finsk hän, er problemet litt annleis. Eg er litt usikker på om det kan fungere i norsk talemål. Desse pronomena er oftast trykklette i talemålet, og for oss på Austlandet og i Trøndelag er det daglegdags å seie berre ‘n for han. Skal hen kome i allmenn bruk, skal det mye til å hindre at det går same vegen med det, altså at det blir redusert til ‘n i kvardagsspråket, og dermed fell saman med han. Og da er vel det meste av vitsen borte? Hadde nokon planlagt denne språkendringa systematisk, hadde hen truleg prøvd å finne ei form som gjorde det nye pronomenet meir ulikt dei kjønna pronomena vi har no (han og hun/hon).
Det er òg visse semantiske problem med hen: Som Uri er inne på i intervjuet, blir det brukt på ulike måtar. Det glir lettast inn som eit nytt felleskjønnspronomen, altså i samanhengar der ein omtalar ei ubestemt gruppe eller ein kategori menneske som omfattar begge kjønn (der vi hittil har hjelpt oss med han eller ho, vedkomande el., eventuelt berre tura i veg med han). I den bruken er hen etter kvart blitt ganske utbreidd, og slik bruker eg det òg sjølv, som eg har gjort éin gong i denne artikkelen. Det er da typisk for skriftspråk, og har også der den ulempa at det er fort gjort å lese det som han når ein skummar ei tekst.
Ein annan bruk er å ta det inn som eit ordinært pronomen om enkeltmenneske som ønskjer å vere «transkjønna». Når denne personen til vanleg vil vere fråverande i talesituasjonen, føreset denne bruken i alle fall god personkunnskap hos den som snakkar. Men korleis dette vil utvikle seg vidare, vil avhenge av samfunnsutviklinga og berre i avgrensa grad av språkutviklinga i snever forstand.
Som Uri også nemner, er det mange språk som har kjønnsnøytrale pronomen i tredje person og altså ikkje skil mellom han, ho og det. Ho nemner tyrkisk, farsi (persisk) og finsk, eg kan legge til kinesisk og malayisk/indonesisk. Men det betyr jo ikkje at likestillinga mellom kjønna er kome noko lenger i dei samfunna som har slike språk enn i våre samfunn som har skiljet mellom hankjønn og hokjønn i språksystemet. Det finske samfunnet fungerer vel om lag som det norske, men i dei andre nemnde tilfella kan ein seie tvert imot: Ikkje noko patriarkat har vore truga av pronomenbruk, det eg kan sjå.